Markerte Speiderdagen på Håøy

GOD MAT: Henrik Onarheim, Stine Olsen og Sivert Sulebakk kosar seg med mat laga på bål. – Vi treng fleire jenter i speidaren, seier Stine.

GOD MAT: Henrik Onarheim, Stine Olsen og Sivert Sulebakk kosar seg med mat laga på bål. – Vi treng fleire jenter i speidaren, seier Stine. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi har det veldig kjekt i lag, men det kan godt bli fleire jenter med i gruppa.

DEL

Det seier Stine Olsen, ein av speidarane som slå leir på Håøy i helga.

– Det er veldig gøy når vi gjer ulike aktivitetar, og det er kjekt å vera sosial. Vi far mange nye venner i speidaren, seier ho.

LES OGSÅ: Feira 10 år med Jungelgjengen

Speiderdagen er eit arrangement som går ut på at speidarane vil dela sine friluftsopplevingar i nærmiljøet med dei som ikkje er i speidaren.

Rekruttering

– Håpet vårt er å få vekst i speidarrørsla, seier Einar Amund Kartveit, som er gruppeleiar i Alversund KFUK-KFUM-speidarane.

– Vi har 54 medlemmar, og er den nest største gruppa i kretsen, og vi vil gjerne ha fleire medlemmar, seier han.

LES OGSÅ: Elevar vert «fiskarbønder»

På Håøy laurdag var det lagt opp tre ulike postar, kart og kompass, førstehjelp og matlaging på bål.

På stasjonen for kart og kompass får speidarane i oppgåve å finna ulike postar i terrenget berre med å få oppgitt ein kompasskurs. Kompasset kan vera ein liten nøtt for nokon og ein kvar å forstå, og peikar ikkje alltid dit ein vil om det vert brukt feil.

Liten justering

– Eg trur ikkje mitt kompass er heilt ferdig installert endå, meiner ein av dei yngste som prøvde seg på å finna fram til posten, men etter ein liten justering av gradene gjekk det rette vegen.

LES OGSÅ: – Lamma var søte og mjuke

På matstasjonen fekk dei setta saman sin eigen foliepakke med råvarer som vart tillaga på bålet etterpå.

– Vi er kanskje ein av få speidargrupper som har vår eigen utdanna kokk med på tur, seier Kartveit.

Prinsessefisk

Kokken Per Christian Valland diskar opp med laks og lange, eller prinsessefisk og prinsefisk som han kallar det for å gjera det meir attraktivt for dei yngste.

På førstehjelpsposten lærer speidarane korleis dei skal legga ein person i stabilt sideleie, og dei får prøva seg på å legga på bandasje både med og utan kompress.

Artikkeltags