Lynet slo ned i hus

Artikkelen er over 10 år gammel

Og brannbilen sette seg bom fast.

DEL

Ingen kom til skade då lynet slo ned i eit hus på Myking fredag ettermiddag. Men brannbilen sette seg bom fast.

Lynet slo i 14.30-tida fredag ned i eit bustadhus i Uglåsen på Myking i Lindås kommune.

Brannvesen og politi rykka raskt ut til staden, men då dei kom fram hadde ei kvinne som bur i huset fått sløkka det som i verste fall kunne utvikla seg til ein brann.

- Det har vore store krefter i sving, og både kontaktar og sikringar har vorte slått ut av veggen. Men ingen har kome til skade, opplyser lensmann i Nordhordland, Einar Vatne overfor Nh.

For vel to år sidan brann eit hus ned til grunnen etter lynnedslag på Myking. Denne gongen gjekk det heldigvis ikkje så gale.

Litt ekstra dramatikk vart det likevel i samband med brannen.

Ein 13 tonn tung brannbil klarte nemleg å kjøra seg fast på eit jorde like ved huset lynet slo ned i.

Her vart den ståande bom fast.

Artikkeltags