Leo Ajkic om kjærleik og inkludering: – Vi lir av tilskodareffekten
Artikkelen er over 5 år gammel
Leo Ajkic var det store trekkplasteret då Lindås kommune inviterte til temamøte i Nordhordlandshallen. Temaet for Ajkic var kjærleik og inkludering, og han delte raust av sine erfaringar og utfordringar frå tida då han kom til Norge frå Bosnia som born.