Eit lyspunkt i kvardagen

Stiller ut: Cathrine Fransiska Hagesæter har med seg sin faste medhjelpar, dottera Maria Fransiska, på opningsdagen. – Ho er ofte med som støtte. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Stiller ut: Cathrine Fransiska Hagesæter har med seg sin faste medhjelpar, dottera Maria Fransiska, på opningsdagen. – Ho er ofte med som støtte. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Når eg stiller ut kunsten min her er eg med å stimulera dei eldre, her kan dei sitta og kika. Eigentleg burde alle aldersheimar hatt eit slikt rom.

DEL

Cathrine Fransiska Hagesæter lagar forskjellige keramikk- figurar på hobbybasis. No har ho utstilling i Galleri Utsyn, på Knarvik sjukeheim.

Keramikk

– Eg har vore med på diverse messer tidlegare, der eg har seld kunsten min, men det er første gong eg har ei slik utstilling på eit galleri, fortel kunstnaren sjølv.

Også her er det mogleg å kjøpa kunsten, alt er merka med pris, og ein kan velja om ein vil betala kontakt på ei bøsse, eller setja pengar på konto.
– Det er greitt å gjera det slik, eg treng likevel ikkje vera her heile tida, seier Hagesæter.

LES OGSÅ: Kunst med tema «reise»

Fransiska-englar

Hagesæter lagar mange forskjellige figurar, og fortel at ho kjem inn i ulike periodar, der ho vert «hekta» på ulike ting.
– Eg har hatt nokre periodar der eg fokuserte veldig på fuglar, til dømes.
Det Hagesæter lagar aller mest av, er Fransiska-englar.
– Dei lagar eg til minne om mormora mi, som heitte Fransiska.
Det namnet går att i slekta, både eg og dotter mi har det som mellomnamn, fortel Hagesæter.

LES OGSÅ: Aktivitetsvenn - dobbel glede

Ut april

På opningsdagen vart det servert bollar og kaffi, og det kom fleire eldre for å ta ein kikk.
Keramikkutstillinga kjem til å stå ut april, så ein har god tid til å ta seg ein tur oppom sjukeheimen for å kikka nærare på Cathrine Fransiska Hagesæter sine kreative produkt.
 

Artikkeltags