Politiet sette spanarar på denne bilen i Lindås. Det gav resultat

Tjuvane fekk med seg til saman 80 liter diesel på tjuvetokt.

Tjuvane fekk med seg til saman 80 liter diesel på tjuvetokt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Bingo, seier lensmannen.

DEL

Natt til søndag vart tre menn i 30-åra tatt for diesel-tjuveri på Galteråsen i Isdalstø. Det var tilfeldig at politiet tok mennene på fersken, ettersom politiet var ute og saumfara området.

På veg opp Galteråsen møtte politiet ein bil med latviske skilt. Etter ein kontroll fann dei til saman to kanner med 40 liter diesel. Mennene vart sette i arresten, og den eine mannen vart fengsla på nytt.

Transport ut

– Vi mistenkte dei for å vera ute etter å stela diesel.

I bilen fann politiet både plastslange og fleire kanner som lukta diesel.

– Vi koplar dei og opp mot eit tjuveri på Rema-butikken på Søreide, seier Kjell Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland til BA.

Føraren av bilen er frå Latvia, medan dei to andre kjem frå Kviterussland. Alle tre er no utviste og transporterte til heimlandet, fortel lensmann Vangberg torsdag morgon.

Spanar på bilen

– Vi sette spanarar på latviaren, og køyrde etter han, fortel Vangberg om hendinga måndag, etter at latviaren først var sette fri.

Turen hans gjekk først mot Åsane, der mista politiet han av syne.

På Nordhordlandsbrua dukka bilen opp igjen.

Politiet følgde etter, og stoppa mannen på Trengereid.

– Då vart det bingo. I bilen hadde han to kanner med diesel og då vi sjekka tanken, fann vi ut at den var full av avgiftsfri diesel, seier lensmannen.

Politiet trur mannen i 30-åra var innom industriområdet i Galteråsen, og henta kanner som var gøymt.

Snødekte kanner

– Det var framleis snø på dei kannene han hadde i bilen, så dette stemmer godt med vår teori.

Då politiet gjekk gjennom området, fann dei også ein lastebil ståande med lokket til tanken open. Ein slange låg ved sidan av, klar til bruk.

– Vi meiner dei tok diesel då vi kom over dei her laurdag natt, men at dei hadde gøymt dette og fylt det over på andre bilar. Då vi tok dei, var dei truleg på veg til å stela meir, seier Nordhordland-lensmannen.

Totalt er 80 liter diesel blitt stole.

– Det forsvinn stadig diesel frå tankane våre. No var nokon her i natt igjen, og det var helt tilfeldig at politiet kom over dei, sa dagleg leder Kjetil Møn ved Møn Transport i Isdalstø til BA måndag.

Utvist i to år

Latviaren også utvist frå landet etter avhøyr med mannen i Bergen. Torsdag skal alle tre vore returnert til heimlanda. Latviaren får to års innreiseforbod og 8000 kroner i bot.

Dei to andre har også fått bøter i samband med tjuveriet på Rema 1000 i Bergen.

– Det viktigaste er at dei er utviste frå landet. Dette er utlendingar som kjem hit for å stele, og ved å transportere dei ut, kan vi skåne samfunnet for meir tjuveri, seier Vangberg.

Artikkeltags