Volleyball for fulle tribunar

Volleyball: Friminutta på Knarvik ungdomsskule går stort sett med til volleyballspeling.Begge foto: Øyvind Bjerkestrand

Volleyball: Friminutta på Knarvik ungdomsskule går stort sett med til volleyballspeling.Begge foto: Øyvind Bjerkestrand

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Når dagane vert kalde og våte så flyttar Lindås-elevane fokus til innandørs volleyball i amfiet på ungdomsskulen.

DEL

– Det er eit utruleg flott tilbod som skapar engasjement i friminutta, seier leiar i elevrådet ved Lindås Ungdomsskule, Marie Pollen Nygård. Det er elevrådet og miljøarbeidarane ved skulen som har satt i gang dette tiltaket.

– I sommarhalvåret må vi ut i friminutta, men no når det er kaldt og surt så får vi vere inne. Da er det veldig bra at vi framleis kan gjere noko aktivt, fortel elevrådsleiaren. I vinterhalvåret har innandørs-volleyballen skapt eit meir positivt miljø på skulen.

– Det vert ofte trongt og lite å gjere på når vi er inne i friminutta. Det vert fort negativ stemning. Dette tilbodet har fylt friminutta med positiv stemning i staden, seier Pollen Nygård.

Energiutlaup

På skulen opplev dei tilbodet som positivt både for friminutta og resten av skuledagen. Christian Iversen er nestleiar i elevrådet og for han er volleyballen ein flott måte å få ut energi.

– Viss eg må sitta roleg i friminuttet så klarar eg ikkje sitta roleg i timen. Då er det veldig greitt å kunne få utløp for all den ekstra energien ved å spele volleyball i friminuttet, seier han.

Ketil Porsmyr er miljøarbeidar og ein av initiativtakarane bak tilbodet. Han meiner heile skulemiljøet har fått ein oppsving av volleyballen.

– Sidan eg byrja her på skulen så har skulemiljøet steget og friminutt-aktivitetane har vore ein viktig del av dette, fortel Porsmyr.

– Dette har vore det beste tiltaket for å skape trivsel på skulen. Det er også veldig inkluderande for alle.

Stor ball

– Ein viktig del av tiltaket er at elevane får oppleve meistringsfølelse, fortel Porsmyr. For å gjere idretten enklare for elevane har dei investert i ein mykje større ball enn vanlege volleyballar.

– Den store ballen gjer det enklare og hjelpe på meistringsfølelsen. Her kan alle delta sjølv om dei ikkje har spelt volleyball tidlegare, seier han.

Kamp mot kommunen

Den innandørs volleyballen vart starta opp førre skuleår, men etter ei stund fekk skulen beskjed frå Lindås kommune at dei ikkje lenger fekk lov å halde på. Årsaka var blant anna fare for å knuste vindauge og taklampar. Elevrådet jobba hardt for å få lov å spele igjen.

– Det vart sendt ganske mange e-postar og det vart mykje frustrasjon. Til slutt klarte vi å få kommunen opp på skulen og fekk overtalt dei, fortel nestleiaren i elevrådet, Christian Iversen. Til slutt fekk dei kommunen med på laget. Blant anna fordi den ekstra store ballen ikkje er like rask og farleg som ein vanleg volleyball og dei har lagt nett i taket for lampevern.

Handikapsystem

Volleyball vert spelt kvar dag i friminutta og både jenter og gutar frå alle trinn spelar med kvarandre og i lag med kvarandre. For å utgjevne forskjellane mellom trinn og kjønn har dei innført eit handikapsystem.

– Viss eit lag har flest åttandeklassingar og eit anna lag har flest tiandeklassingar så vil forskjellane bli jamne ut ved at det yngste laget får starte med ei leiing. Det same gjeld dersom eit lag har fleire jenter enn det andre laget, fortel Porsmyr.

Klasseturnering

I tillegg til vanleg speling vert det også arrangert turneringar der laga vert delt inn klassevis.

– Dette er andre året på rad vi har klasseturnering innandørs, fortel Iversen. Også her vert handikapsystemet brukt.

– Åttandeklasselaga byrjar med to poeng mot niande klassen og fire mot tiande klassen. Niande byrjar med to mot tiande klassen.

Torsdag var det klart for finalar der niande klassen var i fokus. I jentefinalen vann 9b mot 9d og i finalen for gutane vann 9c mot 9d.

Artikkeltags