Namnet på den omkomne i MC-ulykka er frigjeve

MC-ulukke Gjervik

MC-ulukke Gjervik Foto:

DEL

Det var Jan Robert Hopsdal Nepstad (35) frå Lindås som omkom i MC-ulykka ved Gjervik, torsdag.

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding, fredag.

Det var torsdag morgon klokka 0820 att naudetatane fekk melding om ei MC-ulykke i Gjervik, like utanfor Knarvik.

– I samband med forbikøyring har motorsykkelen lagt seg inn mellom to bilar. Då mista føraren kontrollen og kolliderte med autovernet på høgre side, sa lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt til BA.

MC-føraren vart frakta til Haukeland universitetssjukehus, men livet stod ikkje til å redda.

Statens vegvesen sin ulykkesgruppe skal gjera undersøkingar på ulykkesstaden, der det er 70-sone.

Artikkeltags