Knarvik senter vil utsetja Knarvikplanen

Odd Eirik Haaland og Geir Vatnøy, Knarvik senter.

Odd Eirik Haaland og Geir Vatnøy, Knarvik senter. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Tre månader før Knarvikplanen skal bankast gjennom i kommunestyret, lanserer Knarvik senter fleire nye planar.

DEL

– Det kan godt vera klokka er fem over tolv, seier Odd Erik Hovland, ein av eigarane av Knarvik senter.

Måndag kveld hadde senteret invitert politikarar og andre interesserte i Knarvik for å kritisera dagens framlegg til Knarvikplan, og for å komma med nokre av sine eigne løysingar på deler av planen.

LES OGSÅ: Utbyggar meiner kommunen må ta større del av kostnaden

– Planen endar i ei skuff

Og hovudbodskapen frå konsulentane som Senteret hadde leigd inn var at dette var ein plan som kom til å enda i ei skuff.

– Om ikkje dei næringsdrivande er engasjerte, endar planen fort i skuffa. Og denne planen ber preg av lite engasjement, hevdar Maria Molden frå Cubus arkitekter.

LES OGSÅ: – Unfair av Knarvik senter

Dei la og fram sine tankar om kva som burde gjerast. Knarvik senter meiner den planlagte almenningen bør ta ein knekk ned mot senteret, dei vil etablera ein gangakse gjennom senteret som skal vera døgnopen og dei skiserte moglegheiter for eit torg og for eit kulturhus i samband med parkering og næring.

– Me har fått presentert det me ser på som moglegheiter og utfordringar. Me vil ha eit sterkare og betre samarbeid med kommunen for å laga gjennomførbare moglegheiter, seier Geir Vatnøy.

– Korleis har samarbeidet med kommunen vore gjennom denne prosessen?

– Det har vel ikkje vore det heilt store, seier Haaland.

– Kvifor ikkje?

– Det kan sikkert vera feil på begge sider, trur eg, seier han.

Geir Vatnøy drog linjene tilbake til 2007, då det vart sett i gang eit prosjekt med dei næringsdrivande på begge sider av E39 og kommunen.

LES OGSÅ: Vil la deg bygga i 9 etasjar i Knarvik

– Me har ikkje vorte høyrd

– Men plutseleg vart det avslutta og kommunen gjekk vidare med nye konsulentar utan å ta med seg næringslivet, hevdar han.

– Men kvifor kjem de fyrst på bana no, tre månader før planen skal vedtas i kommunestyret?

– Det er betre seint enn aldri, men kanskje klokka er fem over tolv no, innser Haaland.

– Burde de vore på bana før?

– Me har jo vore på banen og spelt inn våre synspunkt heile tida. Men me føler me ikkje vert høyrd, meiner Vatnøy.

Men han legg til at det er viktig for dei no å opplysa politikarane som skal vedta planen om dei utfordringane dei ser. Mellom anna er dei svært misnøgde med fleksibiliteten til kvar einskild grunneigar. Mellom anna når det gjeld parkeringshøve i Knarvik.

– På vår side er det ikkje problem å ta omsyn til opp og nedkøyringsrampene. Men på sørsida kjem dei så langt inn på andre eigedommar at me er avhengige av at vegsystemet der er på plass før vegsystemet kan byggast ut, viser han til.

Dei er og misnøgde med planprosessen, og la fram tre forslag til løysingar.

LES OGSÅ: Reduserer tøffe krav

Vil utsetja planen

Det fyrste forslaget deira er å utsetja behandlinga av heile plan, noko som medfører forlenga byggestopp i Knarvik, slik at ein får detaljregulert området nord for E39 like godt som det sørlege. Det andre alternativet deira er ein snarleg oppstart av ein detlajplan som inkluderer området ved rundkøyringa og skyssstasjonen for å tenkja heilskapeleg rundt arealbruken. Det tredje alternativet er å la senteret få bygga ut 10.000 rutemeter, som dei er lova ved tidlegare høve. Desse 10.000 rutemeterene skal komma i tillegg til dei 30.000 rekkefølgefrie rutemetra som alt ligg inne i denn nye Knarvikplanen.

Knarvik senter har store planar for utvidingar. Dei har i dag 28.000 rutmeter med næring, men vil bygga ut 40.000 rutemeter til. Planen er å byrja ved Meny, og bygga seg bortover.

Dei gler seg til at ein byggestopp i Knarvik kan gå mot slutten. Dei hevdar dei har vore nøydde til å seia nei til store interessentar som vil etablera seg i Knarvik, og dei er skuffa over å sjå bedrifter som har forsvunne frå Knarvik.

– Det har vore utfordrande med alle åra med byggestopp, men no kan ne gå ut i marknaden å tilby områder i Knarvik, seier han.

Artikkeltags