KNARVIK KYRKJE

Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Plassert i øvre del av tomta mellom kollane. Alternativet som ligg høgast. Bygg med mest klassiske kyrkjetårn. Kyrkjebygget får ei gjenkjenneleg form, klokketårn med spir og kyrkjerommet framheva seg i bygningsforma. Bygningen blir ein arkiktektonisk attraksjon, eit folkekjært landemerke og treffpunkt i regionen.

Eit signalbygg: Kyrkja sitt hovudmatriale i tre, inspirert av stavkyrkje-tradisjonen. Alle funksjonar i huset er lett tilgjengelege frå kyrkjetorget, noko som gir praktiske brukskombinasjonar.

Bygningen er bygt over to plan. Det blir danna varierande visuelle romforløp med kontakt ut med landskapet, til kyrkja sin utedel og inn det indre landskapet i huset.

Kyrkja vil liggja som eit verdig signalbygg, og blir eit landemerke i Knarvik til alle døgnets tider.

Utealter og amfi: Kyrkjebakken blir sentralt og intimt i anlegget, med kyrkjebygget mot sør, Kvernhushaug-høgda mot nord, hovudtilkomst med kyrkjetrappa og amfi mot vest, og biltilkomst og parkering mot aust. Det er plassert eit utealter på kyrkjebakken, som opnar for utegudsateneste.

Eit amfi ute opnar for aktivitetar som konsertar og andre arrangement, samtidig som det er eit fin stad som ein uformell møteplass.

Visuell oppleving: På torget, her omtalt som 7-dagars torget, er den daglege arena for arrangement i mindre skala og for uformelle møte. Det blir møblert med heilsårs benkar og utebord,.

Kyrkjetrappa er eit viktig landskapselement som dannar hovudtilkomsten til kyrkja frå sentrum og allmenningen.

Dei som besøkjer og brukar staden skal få ei rik stads-, kultur – og arkitekturoppleving.

Fleksibilitet: Bygningen har ei arkitektonisk uttrykk med romløysing og matrial, der religion, kultur og staden sitt karakteristiske naturrom blir ført saman i ei større eining.

Hovudmatrialet er i tre, i ein kombisjon av massivtre og limtre på ein base av betong.

Høg grad av fleksibilitet og brukskombinasjonar er integrert i utforming og innbyrdes plassering av dei ulike funksjonar.

Artikkeltags