Knarvik-kyrkja skal byggast for 70 millionar

FLEIRTAL FOR KYRKJA: Bjarte Vatnøy, FrP (t.v.) og Hallvard Rydland (H) stod på kvar sin ytterkant i kyrkjestriden. Sæbjørg Kjeka, KrF (framme t.h.) og Ingrid Hindenes til venstre røysta var med i fleirtalsgrupperinga som røysta for Knarvik-kyrkje til 70 millionar. Hindenes var riktig nok skeptisk til at ei overskriding av kyrkjeprosjektet kan gå utover skulane.

FLEIRTAL FOR KYRKJA: Bjarte Vatnøy, FrP (t.v.) og Hallvard Rydland (H) stod på kvar sin ytterkant i kyrkjestriden. Sæbjørg Kjeka, KrF (framme t.h.) og Ingrid Hindenes til venstre røysta var med i fleirtalsgrupperinga som røysta for Knarvik-kyrkje til 70 millionar. Hindenes var riktig nok skeptisk til at ei overskriding av kyrkjeprosjektet kan gå utover skulane.

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Lindås kommunestyre gjorde sitt endelege kyrkjevedtak torsdag ettermiddag.

DEL

Klokkene kan ringa for nyekyrkja i Knarvik, etter at kommunestyret torsdag gav sitt endeleg ja til sju dagars kyrkje innanfor ei kostnadsramme på 70 millionar kroner. Men i første omgang må kyrkjeprosjektet klara seg utan både orgel og klokketårn.

Føler seg trygg

- Vi skal få kyrkja på plass for 70 millionar, det føler eg meg trygg på, seier Torgeir Paulsen, dagleg leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd. Han var ein fleire sentrale kyrkjefolk som følgde debatten i kommunestyret, som enda med eit fleirtal for eit kyrkjebygg innanfor ei kostnadsramme på 70 millionar kroner, pluss fire millionar til veg og infrastruktur.

Det er framleis usikkert kor tid kyrkjekjellaren blir utbygt. Kostnadsramma opnar heller ikkje for orgel og klokketårn i denne omgang.

- Får ikkje meir

- Dette er summen vi gir. Meir blir det ikkje, sa Høgre-representant Leif Sleire. Den tidlegare kommunale representanten i fellesrådet lova å heia på arbeidet med kyrkjebygget. Og det kan trengast, skal vi tru partifella Hallvard Rydland, som ved forrige korsveg fekk utsett kyrkjeprosjektet.

- Umogleg å koma i mål

–Eg ser at Misjonshuset begynner å bli lite og at Knarvik treng eit kyrkjebygg. Men vi har fått presentert eit signalbygg som kostar det doble. Eg trur det er umogleg å koma i mål uansett kor mykje ein no prøver å redusera kvalitet og bygningsmasse.Dette er eit symbol på uforsvarleg politisk handverk. Vi spelar hasard med kommuneøkonomien, hevda Rydland. Han reknar ikkje med at fellesrådet vil makta å ta på seg ekstrakostnadane som han føler seg sikker på vil koma.

Med unntak av Rydland røysta fleirtalspartia i Lindås-politikken (KrF,Høgre,SP,Venstre) samla.

- Litt uverdig

FrP?røysta også for kyrkje i Knarvik, men stod på sitt eige forslag om å løyva ytterlegare 14 millionar kroner for å fullfinansiera heile prosjektet. Bjarte Vatnøy (FrP) synest det er litt uverdig at kyrkja blir ståande uferdig.

– Det kan enda opp med at vi bestiller ei sjudagars kyrkje utan å få det. Vi får eit flott kyrkjerom, men vil ikkje få moglegheit til å driva eit godt barne- og ungdomsarbeid, sa han. Han synest det er i grovaste laget å rekna med at næringsliv og innbyggarar skal kvittera ut for 14 millionar kroner.

AP heldt fast på sitt tidlegare standpunkt om å vurdera kyrkjeprosjektet i slutten av økonomiplanen 2012-2015. -Partiet deler mange av Rydland sine bekymringar, konstaterte Nina Bognøy.

- Vil sikra taket

Odin Kristiansen ville løyva halvanna million kroner utover kostnadsramma på 70 mill. for å unngå at kyrkja skal få eit langt dårlegare tak enn planlagt, men fekk ikkje gjennomslag.

-Tru kan flytta fjell

Tru kan flytta fjell, fastslo Arne Ramslien (KrF). Han trur difor at det vil bli ei løysing på det som gjenstår for å fullfinansiera kyrkja, ikkje minst gjennom stor frivillig innsats. Han kalla kyrkjevedtaket historisk, og meiner det har vore jobba grundig med prosjektet.

Artikkeltags