Historisk avtale i Lindås-politikken

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Alle parti stod bak fellesliste ved val av formannskap.

DEL

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og May Eva Sandvik (H) vart som venta valt til ordførar og varaordførar då det nye Lindås kommunestyre kom saman for første gong.

Valet av formannskap vart gjort ved såkalla avtaleval, der alle partia i kommunestyret gjekk saman om eit felles listeforslag.Avtaleval er ei uvanleg ordning som truleg vart brukt for første gong i Lindås-politikken. Det vanlege er at det blir levert inn to eller fleire lister ved val av medlemar i formannskapet. Ved avtaleval er det ein føresetnad at valet blir samrøystes

Fleirtalsgrupperinga av KrF, Høgre, Senterpartiet og Venstre har sju av dei elleve representantane i formannskapet, FrP 2 og AP 2.

Gaulen med igjen

Valvinnar KrF får tre representantar i det nye formannskapet. Det gir tidlegare varaordførar Kåre Gaulen eit "come back" i formannskapet, etter han segla inn i kommunestyret frå sisteplass på KrF-lista.

Det nye Lindås formannskap er slik samansett:

Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Arne Ramslien (KrF), Kåre Gaulen (KrF), May Eva Sandvik (H), Leif Hosøy Sleire (H), Ingeborg Askeland (SP), Aashild Halland (V), Sveinung Valle (A), Nina Bognøy (A), Bjarte Vatnøy (FrP) og Nina Stabell Øvreås (FrP).

Motkandidat

Det var ingen spenning knytt til kommunestyret sitt første møte torsdag. Riktig nok stilte AP med eigen ordførar-kandidat, men utover det skjedde konstitueringa i ein samrøystes tone. Sveinung Valle (A) fekk berre partiet sine seks røyster i ordførar-valet. FrP stemte for Byrknes som ordførar, og ho fekk dermed 25 av dei 31 representantane bak seg i kommunestyret. May Eva Sandvik vart valt til varaordførar utan motkandidat.

I denne perioden er formannskapet utvida frå ni til elleve medlemar. Det har samanheng med at Lindås ut frå nye reglar har redusert talet på folkevalde medlemar i kontrollutvalet frå fire til to, og i staden utvida formannskapet med to representantar.

Artikkeltags