Det seier dagleg leiar Børge Brundtland i Industriutvikling Vest (IUV). Dei opplever rekordstor pågang frå gründerar som ønsker hjelp til å komma i gang med eigne prosjekt.

– Fleire av dei som kontaktar oss er folk som er oppsagde eller permitterte frå sine opprinnelege jobbar. Som regel er det lite fokus på å utvikla nytt så lenge ein har det godt, seier han. Viljen til å satsa nytt i nedgangstider ser han på som eit positivt teikn for framtida.

LES OGSÅ: undefined


– Det lovar godt for den endringa som no må gjerast i marknaden for å møta nye utfordringar, seier han.
Gründerane som tar kontakt med IUV kan delast i to hovudgrupper.

– Vi har dei som satsar i eigen regi med det dei tidlegare gjorde i jobben sin, anten ved å driva sjølv eller som innleigd arbeidskraft. Den andre gruppen er dei som satsar på noko heilt anna, og går frå til dømes offshorejobb til nyskaping innan havbruksnæring, seier han.
Nedgangen i olje- og gass-sektoren gir ringverknader for annan industri.

Kjem styrka ut

– Dei som har styrke og ryggrad til å stå i dårlege tider, og som har evne til omstilling, vil truleg komma godt ut av det, seier Brundtland.

– Det er viktig at verksemdene no brukar denne moglegheiten til å vera innovative, og satsa på produkt- og teknologiutvikling.

LES OGSÅ: undefined

Tre av dei som no er i sving med eiga verksemd med hjelp frå IUV er Karl-Inge Nesfossen, Kenneth Tonning og Øystein Veland.

Brukar eige produkt

Tonning sa opp IT-jobben sin, og satsar no på utvikling av eige produkt innan helse.

– Eg fekk ein diagnose på søvnapne. Produktet eg har utvikla er innan dette feltet, eg er brukar av mitt eige produkt, seier Tonning. Produktet er no i prototypestadiet, noko meir om kva produktet konkret gjer kan han ikkje røpa på dette tidspunktet grunna konkurransesituasjonen.

LES OGSÅ: undefined

Tonning kom i kontakt med IUV gjennom jobbmessa tidlegare i år.

– Det er ein fin grobunn for gründerverksemd som eksisterer her ute, det nettverket dei opnar er verdifullt, seier han.

Tryggare løft

Karl-Inge Nesfossen har jobba i oljeindustrien sidan han starta på Mongstad i 1986. No satsar også han på eigne bein med utvikling av eige produkt.

– Produktet eg har utvikla vil gjera kran- og løfteoperasjonar tryggare, seier han. Han er no ferdig med marknadsavklaringsfasen der han prøde å finna ut om produkter har livets rett.

– Det var hyggeleg lesing, var tilbakemeldinga frå Innovasjon Norge, så det ser ut til at dette skal gå vegen. Det er ein spennande prosess, og eg gler meg til å kunne skapa noko sjølv.

Gjennom intervjuar med sluttbrukarar og dei som gjer investeringar i aktuelle verksemder har han lodda stemninga i marknaden.

– Resultata viser at dei er villige til å betala 65 prosent meir enn det som finst på marknaden i dag, så eg veit at det er bruk for produktet mitt, seier Nesfossen.

Samlar informasjon

Øystein Veland har bakgrunn frå forskningsmiljøet, og har jobba mykje med oljeindustrien der. Saman med ein kollega starta han på ein doktorgrad om nye, smarte måtar å jobbe saman på.

– Det vart ikkje nokon doktorgrad, i staden skar de ut mot det produktet eg jobbar med no, seier Veland.

– Produktet er i utgangspunktet ein gigantisk touch-skjerm som viser alt som skjer av aktivitet på ein plattform. Det gir ein dramatisk forbetring med samling av mange ulike systemer på ein plass, der ein får oversikt over mellom anna arbeidsplanar, reservedelar og booking av helikopter for å nemna noko av informasjonen, seier han. Med betre oversikt unngår ein at arbeid stansar opp fordi ein del eller personell ikkje er på plass.

LES OGSÅ: undefined

– Vi har mange eksempel på at folk reiser i Nordsjøen og drikk kaffi ei heil veke fordi ting ikkje er på plass, seier han.

Tilsvarande skjerm står på land med same informasjon.

– Det har vore veldig stor interesse for produktet. Det er ikkje berre ein artig dings, dette vil ein sjå att på bunnlinja, seier han.