Gå til sidens hovedinnhold

Gir gass for nærmilijøet

Artikkelen er over 12 år gammel

Ole Kristian Kjenes er ei eldsjel av dei sjeldne.

Ole Kristian Kjenes bur saman med kona Silje, og dei to jentene deira, på idylliske Spurkeland Gard på Seim. Her har dei både villsauer, katt, hund, påfugl, høner, grisar, hest og esel. Men enno er dei ikkje nøgde. - Vi har tenkt litt på ein lama, smiler Silje.

Ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes kjem saman med Filip Rygg til garden. Han er 2. kandidat på stortingslista til Hordaland KrF. Han jobbar fulltid som leiar i Bergen KrF si bystyregruppe. Dei to har så smått starta valkampen.

Engasjerte

Familien på Spurkeland Gard engasjerer seg for bygda, og vil at alle skal vera gode vener.

- Vi vil byggja bru over generasjonane, fortel Silje.

På garden har dei ofte besøk, og alle slags folk er innom. Dei lagar fest for bygda, og inviterer folk heim på grillmat. I låven har Ole Kristian laga scene der dei har julespel. Idèane verkar å ingen ende ta.

- Vi vil gjerne laga ein vikinglandsby der borte, seier han og peikar.- Der kan vi ha konkurransar, historiar, miljøtema og så vidare. Men først og fremst brenn Ole Kristian no for å laga ein trail-og crossbane i Kjevikdalen.

Vil ha crossbane

-Eg ser for meg noko slikt som på Rudskogen. Det finst ikkje liknande her på Vestlandet, så det er marknad for det. Og dette har Ole Kristian allereie jobba mot i fleire år. - Området ligg veldig greit til, med NGIR og skytebane i nærleiken, seier ordførar Byrknes, som synest planen er god.

Ole Kristian Kjenes er ein engasjert mann, og snakkar mykje om sikker kjøring. Han vil at ungdomane heller skal kjøra fort i kontrollerte omgjevnader, enn å risikera eige og andre liv på vegane. - Men vi tenkjer at staden skal passa for heile familien, med ein villmarksdel ved vatnet der ein kan slappa av, grilla, og bada. Det skal vera stilfullt, og ikkje berre asfalt, seier Ole Kristian, som samarbeidar med fleire om prosjektet.

- Det er eit behov for dette i kommunen og i Nordhordland. Vi treng noko for dei ungdomane som fell utanfor dei aktivitetane vi allereie har, seier Astrid Aarhus Byrknes.

- Eg trur mange vert glad for eit slikt tilbod, seier Filip Rygg.