- Utruleg fin å kjøra, og heilt annleis enn eg hadde førestilt meg, seier ordføraren etter ein liten prøvetur.

Eit av måla i kommunen sin klima og energiplan er å få opp ladepunkt for El-bilar og at kommunen skal bruka så mange som mogleg. I går tok ein første skritt på vegen, då den første av tre Nissan Leaf vart levert.

- Vi har kjøpt tre no, og har obsjon på ein fjerde. Dei første skal til pleie- og omsorg og tekniske tenester. Så vil erfaringane visa kor mange av kommunen sine om lag 100 bilar som kan erstattast med El-bilar, seier rådmann Øistein Søvik.

Les meir i Nh lørdag.