Formanar til større samarbeid

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Etterlyser større samhald mellom kyrkjelydane.

DEL

- Kva kunne ikkje dei åtte soknene i Lindås fått til om dei hadde drege meir i lag, sa biskop Halvor Nordhaug i si oppsummering av visitasen i Nordhordland.

Biskopen la ikkje skjul på at han er forundra over at det ikkje er etablert faste møteplassar mellom kyrkjelydane.

Viktig å koma saman

- Dei enkelte sokn set for mykje på kvar si tue. Det er veldig viktig å koma saman og inspirera og motivera kvarandre, og hjelpa kvarandre med utfordringar og oppgåver. Avstandane er jo ikkje så store, sa Nordhaug under visitasgudstenesta i Lindås kyrkje idag.

Han oppmoda sokneråda til å koma saman til strategimøte gjerne ein gong i månaden, der dei kan hjelpa kvarandre til å styrka og næra det åndelege liv. Biskopen oppmoda også til felles stabsmøte over prestegjelds-grensene.

Mykje bra arbeid

Halvor Nordhaug framheva at det skjer veldig mykje flott arbeid rundt om i kyrkjelydane.

- Det blir gjort ein stor og god innsats rundt i om i kyrkjelydane, sa Nordhaug.

- Eg ser det blir tatt steg for å etablera tettare samarbeid, det gjeld t.d. innanfor trusopplæringa. Det vil vera eit viktig steg for å styrka fellesskapet, slår han fast.

Kyrkje for heile kommunen

Biskopen i Bjørgvin framhevar også at nyekyrkja i Knarvik er eit prosjekt for heile kommunen, ikkje berre for kyrkjelydane i søre delen.

- Det blir ei form for storstove som eg trur vil få ringverknadar for heile Lindås, sa Nordhaug, som la stor vekt på barne- og ungdomsarbeidet som denne kyrkja skal romma.

Spar ikkje på barn og ungdom

- Om det knip på pengane når kyrkjebygget skal gjerast ferdig, så spar ikkje på den delen av bygget som som skal romma aktivitetar for barn og unge. Då får heller andre ting venta, var biskopen si sterke oppmoding til kommunepolitikarane.

Flott song og musikk

Biskopen har hatt ei travel veke i bispevistasen i seks sokn i Lindås kommune. Søndag var det avsluttande visitasgudsteneste i Lindås kyrkje.

- Den flotte musikken og songen har vore med og gjera denne gudstenesta til ei festgudsteneste, sa Nordhaug. Lindås/Myking kantori, Alversund kammerkor, og Lindås gutekor var mellom dei som deltok.

Etter visitasgudstenesta i Lindås kyrkje i dag, samlast biskopen og kyrkjefolket i Haugatun.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her

Artikkeltags