Trafikkuhell på E39 på Flatøy

Slik såg det ut ved ulykkesstaden kort tid etter hendinga.

Slik såg det ut ved ulykkesstaden kort tid etter hendinga. (Foto: )

DEL

Papiravisa og full digital tilgang i 1 månad for berre 49 kroner!

Klokka 16.24 måndag ettermiddag melde 110-sentralen i Hordaland om at det har vore eit trafikkuhell på Flatøy.

Eit vitne på staden fortalde kort tid etter ulykka at det var ein buss involvert i uhellet, og at politiet var framme på staden.

Det har ikkje lukkast Avisa Nordhordland å få tak i operasjonssentralen i Vest politidistrikt, men i følge BT skal bussen ha kollidert med eit vogntog.

– Det datt ein del delar av køyretøya, så det måtte litt opprydding til, men ingen personar er skadde, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til BT.

Like før klokka 16.30 var det saktegåande kø i retning Bergen forbi ulykkestaden.

Ein buss har fått skadar i fronten etter ulykka.

Ein buss har fått skadar i fronten etter ulykka. (Foto: )

Artikkeltags