Fire nye år for Astrid

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) fortset som ordførar, May Eva Sandvik (H) blir ny varaordførar.

DEL

Etter det kjempesterke valresultatet for KrF var det tidleg klart at Astrid Aarhus Byrknes fekk fornya tillit som ordførar. I tillegg til Høgre blir også SP og Venstre med i fleirtals-grupperinga i den neste fire års perioden.

Fleirtalsgrupperinga får 20 av dei 31 representantane i kommunestyret; KrF 8, Høgre 7, SP 3 og Venstre 2.

Med May Eva Sandvik (H) som varaordførar er det kvinnene som kjem til å styra Lindås-politikken i komande periode.

Høgre og SP får kvart sitt leiarverv i levekårsutvalet og plan- og miljøutvalet.

Det nye Lindås kommunestyre ser slik ut:

Arbeidarpartiet: Sveinung Valle, Nina Bognøy, Ståle Juvik Hauge, Astrid N. Sylta, Mette Valle, Bjørn Brunborg.

Senterpartiet: Jostein Hellestveit, Kjetil Gjerstad, Ingeborg Askeland

KrF: Astrid Aarhus Byrknes, Arne Ramslien, Asle Hetlebakke, Elin Mosevoll, Kåre Romarheim, Kåre Gaulen, Sæbjørg Kjeka, Odd Leif Mjøs.

Venstre: Aashild Halland, Odin Kristiansen

Høgre: May Eva Sandvik, Leif Hosøy Sleire, Ingrid Hindenes, Halvard Rydland, Jan Erik Hope, Kjell Magnar Fagna, Anne Julie Hetland.

FrP: Bjarte Vatnøy, Nina Stabell Øvreås, Henriette Mjøs, Øystein Moldeklev, Gudmund Husdal.

Artikkeltags