Det handlar om misjon, miljø, møteplass og ”money” i NMS sin nye gjenbruksbutikk i Knarvik.

Gjenbruksbutikken i Hauglandsbygget vart opna torsdag. Leiar i regionstyret i NMS, Øyvind Øy, henta fram fire m-ar for å gje eit bilde av gjenbruksbutikken.

- Det handlar om misjon, miljø, møteplass og ”money”. Alle desse m-ane er med på å bygga opp under vårt hovudoppdrag om å bygga Guds rike, seier han, og slår fast at gjenbruk er ein god kristen tradisjon

Øy synest det er utruleg kjekt å sjå kor sterkt engasjement som knyter seg til ein gjenbruksbutikk, og rosar eldsjelene som har fått Knarvik-butikken på beina.

Nytt ansikt i misjonsarbeidet

- Gjenbruksbutikken er eit nytt ansikt utad i misjonsarbeidet, seier landstyreleiar Kari Sørheim, som synest det er kjempestas å få vera med og opna ein gjenbruksbutikk på heimebane.

- Kreativiteten har følgd misjonsfolket sidan starten, det er viktig også i vår tid for at dette arbeidet skal veksa og for å trekkja fleire med i arbeidet. Her er det verkeleg vist vilje til å gå nye vegar i misjonarbeidet, seier Sørheim.

Alle frivillige

- Gjenbruksbutikken styrkar mangfaldet. Vi er eigentleg eit u-land på dette feltet, t.d. samanlikna med Danmark, påpeika Lindås-ordførar Aslaug Aarhus Byrknes då ho stod for den offisielle opninga.

Ordføraren synest det står stor respekt at butikkdrifta utelukkande er basert på frivillig innsats.

Etter at ordføraren hadde klypt den raude snora, vart det servert kaffi og kake i lokalet, der det strøymde på med folk utover dagen.