Slik skal dei få ungane til å høyra meir nynorsk

PILOTKOMMUNE: Lindås er den einaste deltakarkommunen i Hordaland, som er med i prosjektet «Nynorske lesefrø». – Vi ønsker å vise at der finst mange gode nynorske alternativ, biblioteksjef på Lindås bibliotek, Marit Gro Berge. ARKIVFOTO

PILOTKOMMUNE: Lindås er den einaste deltakarkommunen i Hordaland, som er med i prosjektet «Nynorske lesefrø». – Vi ønsker å vise at der finst mange gode nynorske alternativ, biblioteksjef på Lindås bibliotek, Marit Gro Berge. ARKIVFOTO

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Lindås er ein av pilotkommunane i prosjektet «Nynorske lesefrø». - Først og fremst er det viktig for oss å fremma nynorsk litteratur.

DEL

Det seier biblioteksjef på biblioteket i Knarvik, Marit Gro Berge.

Prosjektet er i regi av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) og Lindås bibliotek. Målet er å etablera gode samarbeidsrutinar mellom barnehagane og biblioteka.

LES OGSÅ: Klar med boka Superpularen: – Folk vil ha sex, mord og cliffhangers

Vil gje gode alternativ

– Mange spør etter bøk på bokmål, og vi ønsker å vise at der finst mange gode nynorske alternativ, seier Berge.

I vår kom det tjue søknader frå kommunar som ønskte å delta i prosjektet «Nynorske lesefrø». Fem fekk vere med, og Lindås er den einaste deltakarkommunen i Hordaland.

– Dette er eit kjekt prosjekt, som er både matnyttig og jordnært. Det gir resultat med ein gong, seier biblioteksjefen.

Dei bibliotektilsette har hatt det første møtet med Nynorsksenteret, og 19. november skal dei tilsette i fire utvalde barnehagar få komme på kurs.

LES OGSÅ: Bokbåten «Epos» har alltid kakestopp på Åsgard

Gode lesestunder

Biblioteksjef Marit Gro Berge er prosjektleiar i kommunen, medan Nynorsksenteret står for oppfølginga og kursinga.

– Det kjem ut mange gode nynorskbøker, og det kan vere vanskeleg å ha oversikt over dei nye som kjem. Vi vil løfte fram den nynorske barnelitteraturen og inspirere til gode lesestunder, seier Anne Marta V. Vadstein, som er prosjektansvarleg ved Nynorsksenteret.

– Born som skal ha nynorsk som hovudmål må møte nynorske bøker også i barnehagen, om dei skal verte trygge språkbrukarar, seier Vadstein.

Lindås bibliotek har kjøpt inn mange nye barnebøker på nynorsk. Dei skal samlast i fyldige bokkassar, som skal rullere mellom barnehagane. I tillegg har kvar barnehage fått ei liten nynorsk bokpakke.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken