Elevar i 7.-klasse: «Typisk mellomtrinnet på Lindås barneskule å vere god»

Elevane på Lindås barneskule viste fram deira versjon av Putti Plutti Pott.

Elevane på Lindås barneskule viste fram deira versjon av Putti Plutti Pott. Foto:

Av
DEL

Måndag 17.desember hadde mellomtrinnet på Lindås barneskule juleavslutning for foreldre, tanter, onklar og besteforeldre.

I år hadde vi sett opp Putti Plutti Pott, omskriven til nynorsk. Det var til tider litt stressande, men mest kjekt å øva saman. Vi er nesten 90 elevar når 5., 6. og 7. trinn slår seg saman, og mange ønskte seg ei rolle i skodespelet.

For å løyse dette, hadde musikklæraren vår ein god ide. Vi delte stykket opp i tre delar, det vil seie at me hadde tre Pluttipottar, tre Glupe Gløgg-ar, tre onkel Per og så vidare.

Elevane på Lindås barneskule viste fram deira versjon av Putti Plutti Pott.

Elevane på Lindås barneskule viste fram deira versjon av Putti Plutti Pott. Foto:

Sidan stykket er så langt, hadde vi forkorta det med at vi hadde ulike forteljarar som av og til las opp handlinga. På denne måten varte stykket i 30 gøyale minutt.

Vi tok ei rask undersøking på kva foreldre og lærarane meinte om kulissar, scenekunst, lyd og korsong. Vi fekk terningkast seks av alle saman, noko vi er veldig einig i og fornøgd med.

Elevane på Lindås barneskule viste fram deira versjon av Putti Plutti Pott.

Elevane på Lindås barneskule viste fram deira versjon av Putti Plutti Pott. Foto:

Vi veit at mammaer, pappaer, tanter, onklar, besteforeldre og lærarar er kritiske og alltid snakkar sant. Så her kan me bruka slagordet til Brundtland «typisk mellomtrinnet på Lindås barneskule å vere god».

Helsing Ingeborg, Birk og Nora. Elevar på 7. trinn på Lindås barneskule.

Artikkeltags