Babyboom mot skulenedlegging

Berre i løpet av året kjem det fjorten nye ungar til verda i det svært så fruktbare Hundvin-området. Frå venstre: Vidar Gjerstad med Caroline, Anita Gjerstad med Johannes, Henriette Seim med Sebastian, André Lie med Alexander, og Bjørghild Ones Spjell.

Berre i løpet av året kjem det fjorten nye ungar til verda i det svært så fruktbare Hundvin-området. Frå venstre: Vidar Gjerstad med Caroline, Anita Gjerstad med Johannes, Henriette Seim med Sebastian, André Lie med Alexander, og Bjørghild Ones Spjell.

Artikkelen er over 8 år gammel

Småbarnsforeldre klare til kamp.

DEL

Hundvin-krinsen får fjorten nye verdsborgarar i løpet av 2009.

- Det store fødselstalet fortel jo sitt tydelege språk om at skulen har livets rett, seier Bjørghild Ones Spjell.

Ho vart mamma for tredje gong i juli, og har frå før to elevar på Skodvin skule.

- Ikkje avtalt

Den store babyboomen skal stoppa skuledød på Skodvin.

- Nei, dette er ikkje avtalt, ler småbarnsforeldra. Men det er eit faktum at Hundvin-krinsen har vist seg svært fruktbar det siste året.

Vil legga ned fire skular

Skodvin er ein av fire barneskular i Lindås som går ein svært usikker haust i møte. Konsulentfirmaet Norconsult, som er hyrt inn av Lindås kommune, har tilrådd at dei fire barneskulane Skodvin, Myking, Eikanger og Festo blir lagt ned.

Politisk behandling

Levekårsutvalet i Lindås skal ta stilling til kommunedelplanen for skule i neste veke. Administrasjonen har tilrådd at politikarane legg planen ut til offentleg høyring. Det skal også haldast bygdemøte i dei ulike krinsane.

Rustar til kamp

- Føler bygda har kjempa for skulen sin i 25 år. Nedlegging var jo tema då eg sjølv gjekk på skulen her, og vi skal stå på også denne gongen, forsikrar Bjørhild Ones Spjell, som for tida har mammapermisjon frå lærarjobb på Myking skule, ein av dei tre andre skulane som står på konsulenten si nedleggings-liste.

Kan bli privatskule

Småbarnsforeldra i krinsen får det heller ikkje til å rima at kommunen no er i ferd med å opprusta skulekjøkken og ventilasjon på Skodvin skule for millionar, for så å legga skulen ned.

Dei utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt med privatskule dersom skulen blir lagt ned.

- Det er noko vi absolutt må vurdera, fastslår dei, og understrekar at skulen er ein viktig del av bygda si sjel.

Blir fattigare

- Ryk skulen blir det fattigare i lokalsamfunnet, og det er lett at også andre tilbod forsvinn, seier Anita og Vidar Gjerstad. Han meiner kommunen må tørra satsa på utbygging av krinsar med nedleggingstrua skular når ein ser utviklinga i Mongstad-området. Ingen tvil om at Skodvin er eit attraktivt bustadområde,

”Der draumar blir røyndom”

- Eg forventar at Lindås kommune sin nye samfunnsvisjon, «Der draumar blir røyndom», også skal få gjennomslag i praksis i skulestrukturen, seier Therese Vaktskjold, som er ein del av den store babyboomen i Hundvin-krinsen.

Artikkeltags