Klart for årets store sykkeleventyr

På søndag går starten for det niande sykkelrittet Nordhordland Rundt.

På søndag går starten for det niande sykkelrittet Nordhordland Rundt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Søndag går starten for det niande Nordhordland Rundt på sykkel.

DEL

– Per 17. mai var det 400 førehandspåmelde. Erfaringsmessig kjem det veldig mange til dei siste dagane, så det ser lovande ut for å slå talet frå i fjor, seier leiar i Nordhordland sykkelklubb, Atle Vaage. Det er høve til påmelding heilt fram til start søndag.

– Frå starten av vaks rittet fort. Fram til 2014 var rittet fullteikna nokre år, og det er sett grense på 800. Siste åra har sykkelbølga i Norge gått litt ned att, og mange turritt merkar ein viss nedgang. I fjor hadde vi kring 600 påmelde, seier Vaage.

LES OGSÅ: Sol og medvind på Karabinleikane

Starten går ved Alversund skule, og løypa er den same som tidlegare; Radøy over Sletta, hovudvegen gjennom Austrheim til Lindås. Deretter gamlevegen frå Lindås til Vågseidet, hovudvegen til Seim, bygdevegen forbi Seim over Skaret og til mål. Totalt 90 km.

Løpet er lagt opp som både tur-ritt, der ein kan delta frå det året ein fyller 17, og trimritt utan tidtaking, som er ope for alle.

– Første start går 09.30, seeda pulje 1 startar 10.00, deretter startar puljane med 5 minutts mellomrom. Forventa målgang på Tveiten for seeda pulje 1 er om lag klokka 12.10, fortel Vaage.

LES OGSÅ: På camp med ei verdsstjerne

Løpet er hovudinntektskjelda for Nordhordland Sykkelklubb.

– I tillegg gir rittet gode dugnadsinntekter for våre samarbeidspartnarar på vakthald frå Sæbø skulemusikk, Røde Kors og MC-ravnene som køyrer frontsyklane til kvar pulje, seier han.

Vegen frå Alversund kyrkjelydshus og utover mot Fosse vil bli stengt ein periode av rittet.

– Vi oppmodar alle som kan langs heile løypa om å la bilen stå medan rittet held på. Vi oppmodar òg folk om å møta opp langs løypa og heia.

LES OGSÅ: Inkasserer mest på grasrotandelen

For publikum er det viktig å halda god avstand til vegbana, og passa godt på små barn.

– Eit sykkelfelt kan koma veldig fort der det er flatt og nedover, seier Vaage.

Løyperekorden for menn har Kjetil Isaksen, Vossevangen CK 2.11.32 (2014), for kvinner Vita Heine, Bergen CK 2.11.38 (2014).

Artikkeltags