17.mai-programmet for Lindås

17.mai i Knarvik

17.mai i Knarvik Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Slik vert 17. mai 2018 i Lindås

DEL

Alversund

10:00 Kaféen i gymsalen på Alversund Skule opnar

10.30 Gudsteneste i Alversund Kyrkje

11.15 Kransenedlegging ved bauta v/ Nina Bognøy          

11.30 Hovudprosesjon rundt Tveiten

12.20 Velkomst på skuleplassen
. Konferansier: Sigbjørn Haustveit. Tale ved ungdomsrepresentantar for elevane ved Alversund skule Alexander  Olsvold 7C og Malin Wallem Veland 7C. Tale for dagen v/Claus Sellevoll

12.50 Utdeling av gevinstar, programlotteriet

13.00 Aktivitetar for barn og vaksne

15.00 Slutt

Alvermarka

07.00 Salutt

17.00 Tradisjonell fest ved Nordhordland Kristne Grunnskule. Sjå oppslag i lokalmiljøet.
Arr.: Ikenberget og Alvermarka Vel

Alverstraumen

07.00 Salutt

16.00 Tradisjonell fest i ungdomshuset. Arr.: UL Samhald

Kvamsvågen

07.00 Salutt

09.30 Morgonprosesjon frå Fosse Bedehus m/Alversund Musikklag

09.35 Kransenedlegging ved bautaen på Fosse

16.00 Tradisjonell fest i ungdomshuset. Arr.: UL Sambygdingen

Eikanger

08.00 Flaggheising

09.50 Folketoget stillar opp på skulen

10.00 Salutt

10.05 Folketoget startar. Ostereidet skulemusikk spelar

11.00 Tale for dagen ved Anne Julie Hetland

11.30 Kafé / kiosk opnar. Ulike aktivitetar for born og vaksne

12.30 Fellesaktivitetar: 60-meter, sekkeløp og bygde- stafett

14.30 Avslutning med loddtrekning og premieutdeling

Eknesvågen

08.00 Flaggheis og nedlegging av krans ved minnesmerket over Ingvald O. Eidsheim og KNM Hitra. Kransen vert lagt ned av Nord hordland forsvarsforening v/ Nils Romslo.

Felles frukost på Bokkafeen. Ta med mat. Eknesvågens Venner held kaffi. Alle er velkomne.

Vollom bedehus

11.30 Gudsteneste i Seim kyrkje. Etterpå går folketoget til Strilatun.

13.00 Me møtes i bedehuset. Sal av graut, pølse, is, kaker, kaffi/brus. Leikar for born og vaksne.

14.00 Tale for dagen v/Astrid Aarhus Byrknes.

14.30 Borneleikar.

16.30 Premieutdeling og avslutning.

Hundvingrend

10.00 Frammøte ved Ungdomshuset Dalheim. Skodvin Skulemusikk spelar. Appell ved skuleelevar.

10.20 Folketoget startar. Me oppmodar alle til å møta i folketoget

11.00 Gudsteneste i Hundvin Kyrkje Etter gudstenesta er det folketog tilbake til ungdomshuset.

12.15 Kioskane opnar. Sal av aktivitetsbongar.

12.30 Bordservering i Storesalen

13.00 Aspirantane i Skodvin Skulemusikk spelar. Skodvin Skulemusikk spelar. Tale for dagen ved Nicolay Leganger

14.00 Leikane startar. Sal av aktivitetsbongar.

15.45 Premieutdeling og avslutning

Kløvheim

07.00 Salutt

08.00 Flaggheising

09.45 Frammøte på skulen

10.00 Toget går frå skulen til byggefeltet. Kløvheim skulekorps leiar toget. I feltet vert det innslag frå  elevar i 7. klasse

11.15 Festsamling i gymsalen. Kløvheim skulekorps spelar. Tale for dagen ved Ståle Hauge. Songinnslag ved elevar frå Kløvheim skule

12.00 - 15.00 Kafé og kiosk med sal av betasuppe, kaker, kaffi, pølser, brus og is

12.00 - 15.00 Leikar og konkurransar for store og små på skuleplassen

13.00 Barneleikarringen dansar

13.30 60-meterløp og stafett

15.15 Samling i gymsalen. Kløvheim skulekorps spelar. Premieutdeling og åresal

Knarvik

Arrangementet er ved og i Nordhordlandshallen

Program for dagen:

08.00 Salutt og flaggheising

10.00 Gudsteneste i Knarvik kyrkje ved Torbjørn Sæle

11.00 Oppstilling ved Nordhordlandshallen

11.15 Allsong: «Ja, vi elsker dette landet» med Knarvik Skulekorps (Tre vers).  Toget startar

11.30 Toget stansar ved Såta bu- og servicesenter. Allsong: «Gud signe vårt dyre fedreland» med Knarvik Skulekorps

11.40 Toget stansar ved Knarvik sjukeheim. Allsong: «Fagert er landet» med Knarvik Skulekorps. På Knarvik sjukeheim: Programinnslag ved Svein Børtveit

11.50 Toget kjem attende til Nordhordlandshallen. Kioskar og kafeteria opnar og leikane startar opp etter kvart

12.45 Program frå scena: Konferansier: Hogne Haugsdal. Allsong: «Ja, vi elsker dette landet» med Knarvik Skulekorps. Program ved Knarvik Skulekorps. 6. trinn ved Knarvik barneskule underheld med musikk, diktlesing og tale. Hovudtale ved Viggo Bjørge. Russetale ved Erik Skadal Urdal. Musikkinnslag ved Lindås Kulturskule. Barnehagane opptrer med tre songar. Tautrekkingskonkurranse

14.30 Annonsering av vinnarar frå loddsal, tipping og beste innslag i toget

15.45 Avslutning

Leiknes skule 

11.00 Gudsteneste i Hjelmås kapel

12.30 Prosesjon frå Apalen til Leiknes skule. Leiknes blåseorkester spelar

13.15 Samling på Leiknes skule. Velkomen v/ 17. mai komiteen. Allsong: Ja vi elsker. Barnekoret Tusenfryd syng

Allsong: No livnar det i lundar. Appell for dagen: v /7 Klasse. Hip-Hop gruppa, Ul Heimhug, utdeling av Gladihaug-pokalen og pris til «Årets sambygding» v/ Bygdelaget 5915. Allsong: Fagert er landet. Leiknes blåseorkester spelar til allsongane

14.00 Leikar og tevlingar for born og vaksne. Sal av mat og drikke. Lykkehjul, fiskedam, konkurransar, loddsal, m.m.

15.30 Omkamp for konkurransar

15.45 60 meter startar

16.15 Premieutdeling

16.30 Avslutning

Lindås

07.00 Salutt

08.00 Flaggheising

09.50 Festgudsteneste i kyrkja v/Ole Marton Ølberg

10.50 Oppstilling i toget. Rekkefølgje: Flaggberarar, Wilhaven Barnehage, Solhaugen Barnehage, Kolås Barnehage, Lindås Skulekorps, Lindås Barneskule, Lindås Ungdomsskule, Lindås Idrettslag, Lindås Ungdomslag, Lindås Songlag, Lindås Bondelag, Andre.

11.00 Avgang til Lindås Bu- og Servicesenter               

11.20 Lindås Bu-og servicesenter. Allsong: Ja, vi elsker. Ord for dagen v/ elevar frå Lindås Ungd. skule, 10. klasse, Allsong Fagert er landet. Lindås Skulekorps spelar

12.30 Lindåshallen

Sal av is, brus, pølser og kaffe frå kl. 12.00. Lindås Skulekorps spelar. Tale for dagen v/ Kristian Fosse Fjellanger, Forfattar og politikar. Allsong: Nordmannen. Lindås Ungdomslag si barnegruppe underheld

13.00 Lindåshallen

Leikar for born og vaksne. Kino for borna i andre etasje med kafe. Sal av suppe og kaker etter talen.

15.00 Premieutdeling/avslutning

Myking skule

08.00 Flaggheising

10.30 Prosesjonen går frå skuleplassen, møt fram i god tid.

12.15 Gudsteneste i Myking kyrkje

13.15 Markering ved minnesteinen Sal av betasuppe, kaffi og kaker i bedehuset Aktivitetar på skuleplassen

15.00 Tale for dagen ved Harry Agnar Lunde

Aktivitetane held fram til16:30

16.30 Avslutning med premieutdeling

Myksvoll

08.00 Salutt

08.00 Flaggheising ved grendahuset

12.00 Familiegudsteneste i Lygra kyrkje v/Geir Øy

13.30 Tog frå grendahuset

Ved grendahuset:

14.00 Aktivitetar for born og vaksne startar opp. Sal av mat og drikke

15.00 Ord for dagen. Yngste røster.

17.00 Premieutdeling

Ostereidet

11.00 I år som i fjor startar me på Ostertun. Allsang, minneord, diktlesing

11.45 Toget går Frå Ostertun til Ostereidet Ungdomsskule

12.15 Sal av mat, lodd, leikar og konkurransar

14.30 Barneskulestafett, 60 meter for borna, tautrekking mellom bygdene

15.15 Tale for dagen ved Stortingsre presentant Torill Eidsheim. Loddtrekking, premieutdeling, avslutting

Romarheim

12.15 Toget går (Romarheim snuplass)

13.00 Gudsteneste i Bedehuset v/ Geir Sørebø. Offer til Bergen søndagsskulekrets/ Romarheim søndagsskule

14.00  Matøkt. sal av suppe, kaker, brus,kaffi, pølser og is. Etter matøkta vert det leikar for store og små.

17.00  Avslutning med premieutdeling

Artikkeltags