Alvorleg sjuk etter forkjøling

Artikkelen er over 9 år gammel

Sigrid (18) utvikla hjernehinnebetennelse.

DEL

I vekevis trena Sigrid Johansen med forkjøling i kroppen. Det enda med hjernehinnebetennelse og ti mørke dagar på Haukeland.

– Slikt får ein til å tenka, seier 18-åringen frå Alversund.

Sigrid Johansen er kapteinen og midtbanemotoren til samarbeidslaget ENK. Ho er svært aktiv, og trenar nesten kvar einaste dag. Ei forkjøling har aldri vore nok til å stoppa ho frå å trena, men etter nokre dramatiske siste veker, kan det tenkast at ho kjem til å revurdera akkurat dette.

Det var nemleg ei lita forkjøling som nyleg sendte ho på sjukehus i ti dagar.

- Eg hadde gått forkjøla lenge, og utvikla etter kvart biholebetennelse. Sjølv om eg var småsjuk, heldt eg fram med å trena mykje. Det var først etter ein kamp i mars at eg følte meg skikkeleg dårleg, fekk stive ledd og det heile, fortel Sigrid.

Åleine i mørket

Kampen gjekk på ein torsdag, og Sigrid låg sjuk heile helga igjennom. Så dårleg var ho at ho måtte til legen, og her vart det slått fast at ho hadde utvikla hjernehinnebetennelse.

- Det var ein type meningokokk, men ikkje den smittsame typen. Biholebetennelsen hadde rett og slett spreidd seg til hjernen, seier 18-åringen frå Alversund.

Hjernehinnebetennelse er som kjent svært alvorleg, og Sigrid vart straks lagt inn på sjukehus. Ho slapp å ligga i isolat, men for at kroppen skulle få så mykje kvile som mogeleg, fekk ho forbod mot det aller meste.

- Eg låg åleine i mørket, og fekk ikkje lesa, sjå på TV, bruka mobiltelefon eller få besøk, fortel ho.

Intravenøs næring

Med hjernehinnebetennelsen følgde også mange biverknader. Konstant kvalme og oppkast gjorde at Sigrid sleit med å få i seg mat.

- Eg vart innlagt 23. mars, og dei første fem-seks dagane fekk eg næring intravenøst, før eg etter kvart byrja å eta på eiga hand. 1. april vart eg utskriven, men det tok nokre dagar før eg var i særleg form til noko anna enn å ligga på sofaen, fortel ho.

Sigrid er unekteleg eit av dei største talenta i den lokale kvinnefotballen. Tidlegare i år trena ho med Sandviken sitt lag i 2. divisjon, og hadde også tilbod om ein permanent overgang. Denne er førebels sett på vent.

Tilbod frå Sandviken

- Vi kom fram til at eg skulle prioritera det siste året på vidaregåande, for det hadde gått for mykje tid med til reising og trening i Sandviken. Men dei sa dei ville sjå meg igjen ved eit seinare høve, fortel Sigrid, som ikkje legg skjul på at ho har ambisjonar på fotballbana.

- Eg har lyst å nå så langt som mogeleg, eg, så får vi sjå kor langt det er, smiler ho.

Ved sidan av idretten har Sigrid søkt høgare medisinutdanning.

- Eg veit ikkje om eg har karakterar til å koma inn, men eg håpar. Om eg ikkje kjem inn på medisin, har eg lyst til å gå idrettsfag, fortel ho.

- Tankevekkjar

Ti dagar på sjukehus gav 18-åringen god tid til å tenka, og sjølv om ho ikkje har tenkt å la den dramatiske hendinga setja sine spor, kjem ho til å ta småsjukdomar meir alvorleg i framtida.

- Eg innser jo at dette kunne vore unngått om eg hadde halde meg i ro eit par dagar i staden for å trena, men ein tenkjer jo alltid at slike ting ikkje skjer med ein sjølv, seier, Sigrid , som frå no av kjem til å ha med seg klesbyte på kvar trening.

Sigrid er no i full trening igjen, og er med når ENK sesongopnar borte mot Øygard til helga. Men ho har enno eit stykke igjen til toppforma.

- Dei tok godt vare på meg på sjukehuset, og eg følte meg eigentleg aldri veldig sjuk, men eg merkar no at det har gått med mykje krefter. Eg vert fortare sliten no enn tidlegare, men heldigvis går det betre dag for dag, seier ho til Nh.

Artikkeltags