Øyvind Oddekalv vert Alver Aps ordførarkandidat

Øyvind Oddekalv (Meland) og Nina Bognøy (Lindås) vert Alver Ap sine toppkandidatar ved neste kommuneval.

Øyvind Oddekalv (Meland) og Nina Bognøy (Lindås) vert Alver Ap sine toppkandidatar ved neste kommuneval. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Måndag 3. september 2018 førehandsnominerte Alver AP ordførar- og varaordførarkandidat til kommunevalet i 2019. Ordførarkandidaten deira vert dagens Melandsordførar Øyvind Oddekalv. Med seg får han Nina Bognøy som varaordførarkandidat.

– Alver AP er svært nøgde med at vi har fått på plass toppkandidatane til kommunevalet i 2019. Vi får med Oddekalv og Bognøy to erfarne toppkandidatar som allereie no kan starte arbeidet med å vinne valet neste år, seier leiar i Alver AP, Astrid Namtvedt Sylta i ei pressemelding.

Oddekalv (50) er i dag ordførar i Meland kommune og leiar i fellesnemnda for Alver kommune. Han er og styremedlem i Hordland AP og leiar i partiet sitt ordførarnettverk i Hordaland. Oddekalv har vore kommunestyremedlem i Meland sidan 2011 og har yrkesbakgrunnen sin frå vidaregående skule, seinast som rektor på Knarvik vidaregåande skule.

Bognøy (47) er i dag varaordførar i Lindås kommune og er inne i sin tredje periode i Lindås kommunestyre. Ho er frisørsvenn av yrke og har lang erfaring frå partiet, og har mellom anna vore leiar i Lindås Arbeidarparti i sju år.

Resten av lista til Alve Ap vil verta klar til program- og nominasjonsmøtet i slutten av november.

Hordaland AP vil prioritera Nordhordlandstunnelen 

Artikkeltags