15 millionar til gangveg

JUBLAR FOR GANGVEG: Barn og vaksne på Hundvin jublar for fylkeskommunale midlar til gangveg.

JUBLAR FOR GANGVEG: Barn og vaksne på Hundvin jublar for fylkeskommunale midlar til gangveg.

Artikkelen er over 7 år gammel

Endeleg gangveg forbi Hundvin.

DEL

5 kr for digitalt abonnement i 5 veker

Fylkestinget løyver 15 millionar til gangveg forbi Kongevoll ved Hundvin. Hovudtyngda av pengane skal brukast i 2012.

Bygdefolket har i ei årrekkje kjempa for gangveg på strekninga der all trafikken til og frå Mongstad passerer. Onsdag stilte nokre av dei til eit spontant jubeltog då nyhendet om vegløyvinga var blitt kjent.

- Bygda har kjempa for gangveg i tretti år, eg vågar nesten ikkje tru det er sant, seier Irmelin Seljelid Larsen til Nh.

Ho seier at gangvegen i tillegg til å trygga barna, og vil binda dei to endene av bygda saman.

- Både for skulebarna men og på kveldstid er dette svært viktig, seier Larsen.

Etter planen skal det byggjast gangbru like ved tunnelopninga, og nytt kryss ved butikken. Ved å bruka den gamle tunnelen, vil det dermed vera samanhengande gangveg frå skulen til krysset ved Bruvoll camping.

- Slik det er per i dag er det ingen barn som går her, alle foreldra kjører barna same kva dei skal, sa foreldra som møtte Nh onsdag.

Det vakte harme på Hundvin då Lindås kommune for nokre år sidan hoppa over prosjektet som då hadde topp-prioritert, og i staden satsa pengar på trafikksikring i utbyggingsområdet Ikenberget/Alverflaten.

No kjem altså fylkestinget på bana, og løyver totalt 15 millionar fordelt over tre år.

Fire millionar neste år, ni i 2012 og så dei to siste året etter.

I tillegg er det sett av ein million til trafikksikring på Fv 565 gjennom Lindås og Radøy, og same sum til Fv 564 i Meland.

Artikkeltags