Brannvesenet rykte ut til båt som tok inn vatn

Her rykker brannbåten ut frå Isdalstø. Foto: Yvonne Gudmundsen
Artikkelen er over 1 år gammel
Klokka 19.40 melde brannvesenet på Twitter om at dei er på veg til Meland for å bistå ein båt som tar inn vatn.
Like etter, klokka 19.45 køyrde brannbåten frå kaia i Isdalstø. Båten dei skal bistå er ein fritidsbåt ved Furuskjegget.
Klokka 20.20 melde brannvesenet at tre personar er tatt ombord i brannbåten. Dei har no tatt den 17-fots plastbåten på slep.