– Vår konklusjon er at det kostar meir enn kva vi får igjen for å bli med på dette samarbeidet. Derfor har vi valt å seia nei, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) til BA.

31 kommunar i Hordaland og tre kommunar i Sogn og Fjordane vart i oktober 2016 invitert til å delta på eit meir einskapleg brannsamarbeid på Vestlandet.

Men fleire kommunar har takka nei til å delta. Kommunestyra i Lindås, Meland, Modalen, Austrheim, Fedje, Voss, Hyllestad, Austevoll, Eidfjord og Granvin har alle stemt imot å bli ein del av den nye brannregionen. I tillegg har Etne og Sveio valt å avstå frå deltaking.

– Det vart eit samrøystes vedtak for å seia nei til samarbeidet, på tvers av politiske parti, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Ho er ordførar i Lindås kommune, som i førre veke takka nei til å delta.

– Vi opplevde at ein del spørsmål rundt samarbeidet ikkje var godt nok greidd ut. Det var mange spørsmål om økonomi og organisering som sto ubesvarte. Vi har ikkje lukka døra for alltid, men vi har valt å stå utanfor dette samarbeidet no, seier Aarhus Byrknes.

 

– Utydeleg skildra

Brannsjef i Lindås, Meland og Modalen, Karl Johannes Romarheim, er fornøgd med at dei tre kommunane ikkje blir ein del av samarbeidet.

– Når innhaldet i samarbeidet er så utydeleg skildra så følte vi at både samarbeidsmodellen og grunnlaget var for tynt til å skildra kva gevinst dette kunne gi oss. Dersom dette blir eit fruktbart samarbeid som også vi kan sjå nytta av, så er vi sjølvsagt open for å vurdera å bli med på eit seinare tidspunkt, seier Romarheim.

Radøy takka opphavleg ja til å bli med i samarbeidet. Men sidan Lindås, Meland og Modalen avstår fører det til at Radøy etter alt å døma vil trekka seg.

– Vi ønska å bli med. Men sidan Lindås sa nei må vi ta diskusjonen på ny. Sidan Lindås og Meland ligg imellom oss blir vi litt blokkert i forhold til Hordalands-samarbeidet, seier Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp).

Vest brann- og redningsregion

  • I oktober i fjor presenterte Bergen Brannvesen, byrådslederen og flere ordførere planene om et mer enhetlig brannsamarbeid på Vestlandet. Bergen blir administrasjonskomite for det nye samarbeidet.
  • Hensikten med et tettere samarbeid er å kunne håndtere vanskelige hendelser i fellesskap, blant annet gjennom spesialisering og en felles operasjonssentral.
  • Så langt har 18 kommuner takket ja. Tolv kommuner har takket nei. Seks kommuner har ennå ikke svart på om de vil delta.

 

Startar til våren

Trass i at fleire kommunar avstår frå deltaking blir Vest brann- og redningsregion etablert som planlagt.

– Eg synest det er trist at fleire Norhordlandskommunar ikkje vil dela den kompetansen dei sit på inn i dette storsamarbeidet. Men vi har stor respekt for deira vedtak. På sikt trur eg likevel dei vil sjå at det er nyttig å kopla seg til dette kompetansemiljøet seier Richard Taule.

Han er dagleg leiar i Bergensalliansen, som er ein politisk møteplass for 22 kommunar i Bergen og omland.

18 kommunar takka ja til å delta i samarbeidet. I slutten av oktober vedtok ein at ei tilstrekkeleg mengd kommunar hadde takka ja til å delta, slik at man kunne oppretta Vest brann- og redningsregion som planlagt.

– Eit foreløpig styre er valt. Til våren vil det første ordinære årsmøtet bli halden. Vi har jobba med dette sidan 2012. Det er ei bragd at vi endeleg får realiserte dette. Modellen som no ligg til grunn er anbefalt av kommunane sjølv, seier Taule.