Lettar på dei lokale tiltaka. No får du feire jul som resten av landet

Frå måndag av gjeld dei nasjonale koronatiltaka, med unntak av to anbefalingar.

Frå måndag av gjeld dei nasjonale koronatiltaka, med unntak av to anbefalingar. Foto:

Men det er framleis to tiltak Alver kommune vil halde seg til.

DEL

Under pressemøte med Alver kommune fredag ettermiddag, blir det opplyst om at kommunen no vil oppheve den lokale koronaforskrifta.

– Det er likevel to råd vi vil forlenge, og som vi vil vere klare på, seier rådmann i Alver kommune, Ørjan Raknes Forthun.

Rådet om bruk av munnbind på butikkar og andre offentleg stader der det er vanskeleg å halde ein meters avstand vil gjelde vidare. Det vil også anbefalinga for heimekontor for alle som kan ha det.

– Vi må vere varsame

Dei lokale tiltaka blei innført for første gong 7. november. Då måtte blant anna treningssentera stengje ned nok ein gong.

– Det er sterkt å ha slike strenge tiltak, og vi må vere varsame med bruken av dette, seier Forthun.

Han fortel likevel at dei vil ha tiltak som kan bli innført, dersom smitten vil ta seg opp igjen.

Kommuneoverlege, Therese Folgerø, fortel at kommunen fekk kontroll over utbrotet ein opplevde i slutten av oktober og byrjinga av november.

– Det har vore ein betydeleg nedgang sidan dei lokale forskrifta blei innført, seier ho.

Vidare fortel Folgerø at befolkninga har vore flinke til å følge råda.

– Men vi veit at det er lite som skal til før det snur, både i dårleg og i god retning.

– Eg ønskjer å takke

Ordførar i Alver kommune, Sara Sekkingstad, var til stades under møtet.

– Eg vil takke befolkninga. Folk har gjort ein kjempejobb, seier ho.

Sekkingstad seier at målet vidare er å unngå av smittetrykket aukar, slik at ein ikkje må innføre ei ny lokal forskrift.

– No vil det også vere dei nasjonale juleråda som gjeld, men det er viktig at alle vil vurdere kva som vil vere trygt for seg og sine nærmaste, seier ho.

Fredag melder Bergen kommune og fleire av omegnskommunane at dei vil oppheve den lokale forskrifta.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken