Bonden Arne flytta til Oppland for å sleppe regnet – opplever den verste sommartørken på 71 år

Arne Manger frå Radøy flytta til Lesja i Oppland for å drive gard grunna det våte vestlandsvêret.

Arne Manger frå Radøy flytta til Lesja i Oppland for å drive gard grunna det våte vestlandsvêret. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bonden Arne Manger (36) frå Radøy fekk i april stempelet som «klimaflyktning» etter at han i 2017 flytta til Lesja i Gudbrandsdalen for å halde fram med gardsarbeidet. No opplever han like uføreseielege forhold der.

DEL

– I juni i fjor hadde vi 27 dagar med regnvêr. Det var flaks vi klarte å berga avlinga, fortalde innflyttaren i steikande solskinn på Lesja til avisa Gudbrandsdølen Dagningen.

No opplever han den verste sommartørken i landet på 71 år, melder NRK.

Investerte ti millionar

Familien til Manger har i fleire generasjonar drive kyr- og mjølkeproduksjon på familiegarden på Radøy. Saman med familien var han på Lesja for aller første gang i juli i fjor. Han heldt kontakten med eigaren av garden Grindstugu i vekene som følgde, og i august vart kjøpar og seljar samde om prisen.

Arne Manger frå Radøy flytta til Lesja i Oppland for å drive gard grunna det våte vestlandsvêret.

Arne Manger frå Radøy flytta til Lesja i Oppland for å drive gard grunna det våte vestlandsvêret. Foto:

Same haust overtok Manger garden som er blant dei eldste og største i denne delen av bygda, med eit totalareal på nesten 900 dekar, og med ei mjølkekvote i år på 184 tonn.

For garden betalte han 5,5 millionar kroner, og inkludert maskinar kjem totalsummen på over ti millionar kroner.

Verste tørke på 71 år

– Garden heime er liten med 80 dekar slåttemark. Vi får to meter nedbør i året. Jordsmonnet er fuktig. Det er stort sett berre svart myrjord som brenn opp. Vi ser jordvegen minke for kvart år, forklarar Manger.

– Heime har vi ikkje lenger årstider. I fjor var det ti grader den 2. januar, og 13. grader jonsok. Året er blitt ein evig haust. Vi hadde berre tre sommardagar i 2017, held han fram.

Bonden tok med seg si kone Siv-Merete, deira tre born, og foreldra hans Kornelius og Sølvi Kristine på flyttelasset.

– Vi spøkte med at det kom til å bli tidenes sommar no som vi flyttar, seier Manger til NRK.

Han held fram med å fortelje at vatningsanlegget på garden hans fungerer bra, men at han kan sjå den svært kritiske situasjonen for mange av naboane.

Enorm fôrmangel

Forformidling.no er ein nystarta nettside laga i forbindelse med tørka som no rår i landet. Sida skal kople bønder som treng fôr saman med bønder som har fôr til overs.

Onsdag morgon viste oversikta laga av Forformidling at det manglar 88.279 høyballar i landet, som vil sei at 24.519 dyr manglar fôr. Oversikta viser også at det berre er 8.265 høyballar til overs.

Manger spør etter meir langsiktig tenking frå styringsmaktene i landet for å gjere bøndenes kvardag meir føreseieleg. Blant anna ønsker han å sjå eit lager for kornbehaldning som kan brukast i slike ekstraordinære tilfelle.

– Vi skal ikkje ta for gitt at vi kan produsere nok mat, særleg når vi ser at krisa har spreidd seg over store delar av Europa. Blir dette den nye normalen, med ekstreme somrar, skal det ikkje meir enn to-tre sesongar til før det spøker skikkeleg, seier han til statskanalen.

Manger har likevel ikkje angra på flyttevalet sitt. Han meiner det er viktig at han held på yrket som bonde, sjølv i vanskelege tider slik som no.

Risikerer å måtte slakte halvparten

NRK melder også onsdag morgon at fôrmangelen no er så kritisk at mange bønder over heile landet kan ende opp med å måtte slakte opptil halvparten av dyra sine.

Slaktarar frå Nortura blir no kalla heim frå ferie for å vere klare dersom einaste løysning viser seg å vere massiv slakt.

Nortura sine anlegg på Rudshøgda er allereie oppbemanna og klar til å ta imot dyr, sjølv om det er midt i ferien, skriv NRK.

Artikkeltags