Svar til Per Lerøy, ordførar i Austrheim kommune om formueskatt og kommuneøkonomi

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Dersom han som ordførar i Austheim kommune synes det er heilt ok at eigedomsskatten som er innførd i fleng i mange kommunar dei siste 8 åra, skal kompensere for oppskrytte kommuneoverføringar, så er han nok godt inne i folden som ein representant for den raudgrøne politikken.

DEL

I avisa Nordhordland av onsdag 21. August kan vi lese bekymringar frå Lerøy dersom formueskatten vert borte, i-spedd skremsler og mistru til Erna Solberg og Høgre.

Han synes også at kommuneøkonomien er så mykje betre no enn før.

Til det siste først.

Dersom han som ordførar i Austheim kommune synes det er heilt ok at eigedomsskatten som er innførd i fleng i mange kommunar dei siste 8 åra, skal kompensere for oppskrytte kommuneoverføringar, så er han nok godt inne i folden som ein representant for den raudgrøne politikken. 1. året var overføringane eit løft, seinare ikkje det slag betre enn Bondevik 2 regjeringa.

Han synes med andre ord det er heilt greit at dei eldre og næringslivet i sin kommune skal svi for at dei har etablert seg i kommunen hans, klart møysommeleg å skrape saman til eige hus, klart å etablert ei verksemd, for så at hans eigen kommune skal skattleggje verdien av bustad og eigedom som er betalt av penger som er beskatta frå før.

LES OGSÅ: Formueskatt og kommune-økonomi

Han er også bekymra for at formueskatten skal forsvinne.

Endringar er viktig på mange områder, også i skattepolitikken Lerøy, og endringar som fører til at kommunane kan stå fram med ei ”gulrot” til dei som kjem til kommunen og etablerer seg der. Vi skal då ikkje straffe våre innbyggarar og bedriftsetablerarar gjennom u-rettferdig skattepolitikk!!

Formueskatten er ein skatt som gjer forskjell på utenlandske eigarar og våre eigne eigarar, det er ein skatt som faktisk må betalast også av lagerbehaldning som mange berre må ha i enkelte verksemder, for eksempel oppdrettsnæringa m.fl.

Når Høgre vil fjerne formueskatten er det fordi det knapt er andre land som har slik form for skatt. Difor slepp utlandske eigarar å betale formueskatt. Er ikkje dette u-rettferdig?

Høgre vil også kompensere for borfall av inntekt som kommunane vil få ved fjerning av formueskatten.

Høgre har også klar meining om å la deler av selskapsskatten, som i dag i si heilheit går til staten, tilfalle kommunane.

Dette vil ytterlegare bli eit insitament for kommunane å leggje til rette for næringsliv`s investeringar og nytt intektspotensiale.

Kan ikkje sjå at den raudgrøne regjeringa nokon sinne har klart å bruke skattepolitikken til å fremja næringsliv og verdiskaping, og for så vidt andre som i neste rekke skal gje kommunane dei nødvendige inntekter og folkevekst. Dei snakkar flott om fellesskapet sine midlar berre dei kan vri ut den siste krone av kvar enkelt og eit skapande næringsliv. Fantasifull avgifts og skatt regjering.

Det er faktisk Høgre si kjerneoppgave å syte for gode rammebetingelser for verdiskaping og veksande arbeidsliv og dermed trygge og gode kommunar.

Så frykt ikkje Lerøy, tenkjer du kjem betre ut med Høgre enn med di eiga regjering!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags