Ordførarvalkamp

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

To lokale ordførarar og ei varaordførar frå Høgre rykka sist veke ut i avisene og brukte ordførarrolla partipolitisk på ein noko overraskande måte i valkampen til Stortingsvalet.

DEL

Den politiske valkampen ved Stortingsval vert mest fronta av partia og dei fremste Stortingskandidatane, medan ordførarrolla vert meir deltakande mest for eige parti, men gjerne også som vertskap for andre parti. Uansett Regjering vil det til ei kvar tid vil vera drøftingar mellom kommune og stat, og ordføraren er talsperson for kommunen. Men så unyansert misnøye som dei tre presenterte sist veke, er det få ordførarar som stiller seg bak, og ikkje alt kan stå uimotsagt.

Dei tre brukar statistikk på på kor mange innbyggjarar som bur i høgrestyrte kommunar. Ja, men det er ikkje 100% som har stemt Høgre i desse kommunane, ordførarvervet er nesten alltid fordelt etter eit samarbeid mellom fleire parti, og ordføraren styrer aldri eineveldig. I tillegg er det mange høgrestyrtekommunar som slett ikkje framstår som lysande døme på god politisk styring, så statistikkargumentet fell som ein stein!

Vidare serverer dei tre ei tvilsam soge om kommuneøkonomi og lokaldemokrati. Sitjande Regjering har likeverdig tenestetilbod som mål, og har gitt tidenes økonomiske sysselsetjingsløft i kommunesektoren, og retta opp i ein fallert kommuneøkonomi etter jern-Erna sitt styre. Høgre lovar kommunereform, og det vert evt spanande å sjå om m.a. Masfjorden sitt småkommunetilskot overlever dette. Og med alle dei andre reformane dei tre viser til at dei vil ha, så har me vondt for å tru at det verken vert mindre byråkrati, betre kommuneøkonomi , betre dialog, auka sjølvstyre eller lettare å styra lokalt. Dei skriv også at Høgre vil auka kommunen sin del av skatten,- ja men alle veit at det er kommunesektoren sine samla løyvingar som tel. Inntektene til kommunesektoren er sett saman av skatt og rammeoverføringar, og aukar skatten, så går rammeoverføringane tilsvarande ned, så dette går i null. Sitjande Regjering lovar ei vidare auke i dei totale løyvingane til kommunesektoren,- dette er vagt i Høgre sitt program, og Høgre si nyare historie i leiing av kommunesektoren skapar dessverre ikkje forventning om anna enn svekka kommunale tenester.

Sitjande Regjering har alt løyst dei tre si uro for plan- og bygningslova gjennom framlegg til endringar, som er på høyring i desse dagar. I tillegg er Hordaland prøvefylke for forbetringar i det statlege motsegnsinstituttet. Nordhordlandsvenen Lars Sponheim har i møte med Regionrådet Nordhordland invitert oss til å delta i dette. Me meiner faktisk motsegner stundom trengst,- for også kommunane må passast på. Det er ikkje alle kommunale disposisjonar som er like kloke, eit fullstendig lokalt frislepp kan fort verta like udemokratisk som statlege reguleringar. Me trur for innbyggjarane sin del at me skal vera glade for at nokon stundom korrigerer kommunar som kan koma under press frå særinteresser. Og det finst gode døme på at motsegnsinstituttet ikkje er eit stort problem,- dette skjer når kommunane sjølv lagar gode planar.

Norge tronar på toppen i levestandard og levekår, og landet vert av andre skamrost i fordelingspolitikken. Samfunnet er alltid undervegs og utfordringar vil det alltid vera, men innbyggjarar i Noreg er på toppen av pyramiden i det meste. Me håpar innbyggjarane brukar røysteretten ved Stortingsvalet! Verdisynet vårt tilseier at me vert glade for om sitjande Regjering får fornya tillit ved valet. Me inviterer uansett til konstruktivt samarbeid til beste for lokalsamfunna våre både før og etter valet, me er ordførar for alle i vår kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags