Om ansvar og ansvarsløyse

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Dyrevernet har altfor mange kattar dei har fått inn frå ansvarslause folk som reiser frå dyra sine, så der er det lite hjelp å få.

DEL

I dag går det ein fin, menneskekjær katt og græt utanfor huset vårt. Han kom hit i førstninga av juli, og har vore her sidan.

I førstninga prøvde vi å ikkje gi han mat eller bry oss med han, i håp om at han skulle finne vegen heim til sine. For heim har han hatt, det er tydeleg slik han oppfører seg. Men strategien verka ikkje, og da vi fekk besøk av tre små gutar, nytta det ikkje lenger: Dei både ga han mat og kjælte med han. Ikkje kunne vi lære dei å nekte ein svolten stakkar mat heller.

Vi har gjort det vi kan for å finne eigaren: Sett opp bilete av pusen på butikkane, snakka med folk, oppsøkt slike vi har høyrt har kattar som liknar, men til inga nytte.

No reiser vi vekk. Og vi reiser ofte og nokre gonger lenge – også om vinteren. Derfor har vi ikkje katt, og kan heller ingen katt ha. Så kva skal vi gjere?

Dyrevernet har altfor mange kattar dei har fått inn frå ansvarslause folk som reiser frå dyra sine, så der er det lite hjelp å få.

No er eg hjelpelaus og sint. At det går an, tenkjer eg. Skaffe seg katt, kose med han, lære han å banke på vindauget for å få kontakt – og så berre overlate han til seg sjølv!

Ikkje er det første gongen heller. For nokre år sidan køyrde ein bil ned til huset vårt mot slutten av sommaren. Han stoppa og lempa ut fire, fine halvstore kattungar – så køyrde han att! Den gongen blei kattungane avliva av ein veterinær i Knarvik etter ein trist køyretur med fire skjønningar i ei kasse. Eg blir så trist av slike opplevingar, og må eg vedgå: SINT!

Ikkje skaff deg dyr om du ikkje vil ta vare på det! Det er ulovleg å ikkje ta vare på dyra sine. Berre ein katt, er det mange som seier. Ein katt er og eit levande. Han svelt og frys og lengtar tydeleg etter at nokon skal bry seg om han. Så kva gjer vi no?

Kjenner nokon att katten, kan dei ta kontakt med redaksjonen som har tlf. nr. mitt. Eller om nokon snille folk vil gi pusen ein god heim, kan dei og ta kontakt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags