Reiser gjerne til Oslo etter vegpengar

POSITIV: Radøyordførar Jon Askeland.

POSITIV: Radøyordførar Jon Askeland.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LesarbrevAvisa Nordhordland sår tvil om kva som vart sagt i januar 2014. Vidare set Bjarte Vatnøy fram kommentarar om at der er ledige pengar å henta både i stat og fylke. Eg vil gjerne gje eit tilsvar til begge:

I samband med Øst-Vest-vegkonferansen januar 2014 hadde me to møte om NH-pakken i Bergen: Først fekk Pål Kårbø, Helge Hopen og eg eit møte med statssekretær Bård Hoksrud på møterommet til byråd Filip Rygg (som også deltok), der me presenterte arbeidet med NH-pakken, og me reiste ein del problemstillingar, deriblant om det vart endringar i prosedyre om bompengar/finansiering. Dette var eit veldig oppløftande møte, og me minnest særleg at Hoksrud var så engasjert i samferdsleprosjektet vårt.

LES OGSÅ: Full forvirring rundt kva regjeringa eigentleg seier om bompengar

I dette møtet spurde eg om det var endringar i finansiering og søknadsprosedyrer, Pål Kårbø gjentok spørsmålet, og me fekk tydeleg svar på at søknadsprosedyrane er som før, og at det først er når pakken kjem til Vegdirektoratet -Samferdsledepartementet at dei evt vil gjera endringar i høve tidelgare praksis om frodeling bompengar/offentleg finansiering. Han gav det svaret me venta oss,- ingen endringar for søknadsprosedyrer for NH-pakken med ny regjering.

Dette vart tolka likt av oss alle i møtet, så eg er ikkje åleine om denne oppfatninga. Arbeidet med pakken i ettertid har stadfesta dette, då Vegvesenet og fylkeskommunen har sett erfarne folk på arbeidet med NH-pakken. Særleg Vegvesenet sine folk har halde løpande dialog med Vegdirektoratet om mange viktige detaljar i søknaden,- inklusive finansiering/bompengespørsmål. Dette er blitt rapportert tilbake til oss undervegs.

Så eg har mine ord i behald,- noko som er stadfesta i heile arbeidet seinare.

No er det bortkasta energi å ha gåande nokon ordkrig om kven sa kva i januar 2014,- det viktige er at NH-pakken har følgt Vegdirektoratet sine prosedyrer.

Til Bjarte Vatnøy vil eg seia at eg vert gjerne med deg til Oslo og hentar pengar, eg set meg på første fly, for er det moglegheiter så skal me ta dei!

Vatnøy uttalar vidare at fylkeskommunen har ledige midlar til trafikksikring, som kan ausast ut til Nordhordland. Eg har spurt meg fore, og får til svar at det er ikkje ledige trafikksikringsmidlar i fylkeskommunen. Det vert kanskje nokre rassikringsmidlar som ikkje vert nytta dette året, men eg får til svar at desse midlane er bundne til rassikring og ikkje til andre trafikksikringstiltak.

Elles går det desse dagane føre seg mange gode samtalar om korleis me skal sikra Nordhordland betre vegar, eg er betinga optimist på at me skal finna ei løysing det er fleirtal for. For Nordhordland treng samferdsleprosjektet som grunnlag for vidare vekst og utvikling!
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags