Vegpakka vedteken i fylkestinget

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Nordhordlandspakka finansierer viktige utbetringar på vegnetttet

DEL

LesarbrevNordhordlandspakken vart vedteken i Fylkestinget onsdag 10. desember.

Slik anslaget ser ut no, vil bompengetaksten bli mellom 12 og 14 kroner i snitt for ein personbil. Nordhordlandspakken går inn i rekka av bompengepakkar som har blitt etablert i Hordaland, for å finansiera viktige utbetringar på vegnettet i distrikta.

Felles for desse er at dei er finansiert som eit spleiselag mellom bilistane, staten og fylkeskommunen. Den er finansiert med 920 millionar kroner i bompengar, 230 millionar kroner frå staten og 145 millionar kroner frå fylkesvegbudsjettet.

Dette betyr at følgjande utbetringar på vegnettet i Nordhordland no endeleg kan gjennomførast:

• Ny fv 565 på Radøy, frå Marås til Soltveit
• Vegutbetringstiltak/trafikktryggingstiltak i alle kommunane i regionen
• Utbetring av E39 gjennom regionsenteret, Knarvik
• Utbetring ev E39 aust for Knarvik
• Ramme på 100 mill.kr. til tiltak som vil styrkje kollektivtilbodet mellom Nordhordland og Bergen.
• Ramme på 100 mill.kr til ytterlegare tiltak i alle kommunane
• Utbygging av samanhengande gang/sykkelvegnett langs hovudvegane i regionen

Alle desse tiltaka er gode tiltak, som er sårt tiltrengt i heile Nordhordland. Denne regionen har historisk sett ikkje vore tilgodesett med vesentlege samferdselsinvesteringar, samanlikna med andre delar av Hordaland. Sjølv om ein no gjennom Nordhordlandspakken tek ansvar for å betala for brorparten sjølv, så ligg det inne ei fordeling mellom bompengar og statleg/fylkeskommunal som er på linje med dei andre bompengepakkane i Hordaland.

Tilslutt så valde Frp dessverre å stemma imot heile Nordhordlandspakken. Dei ønskjer altså ikkje at dei gode tiltaka som er lista opp ovanfor skal gjennomførast. Sjølv om dei sit i Regjering er det ingenting som tyder på at det finnast statleg finansiering for desse tiltaka. Heldigvis har ikkje dette partiet politisk fleital aleine, då ville det meste stoppa opp av samferdselsprosjekt i fylket vårt.

 

Nordhordlandspakken går inn i rekka av bompengepakkar som har blitt etablert i Hordaland, for å finansiera viktige utbetringar på vegnettet i distrikta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags