Bom og veg i Nordhordland

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Når no pakken skal på ein ny runde, vonar eg – og mange med meg – at politikarane tek lærdom av dette.

DEL

Nordhordlandspakken:Norhordlandspakken må på ny runde. Det vart for mykje sprik i distriktet.
 

Eg blar tilbake til BT for 31. oktober. Der kan me m.a. lesa frå Askøy: ”Innfører bompenger med et smil. I natt blir Frps første bompengeprosjekt åpnet på Askøy.

Det har ikke lokalpolitikerne på øyen noe imot.” – Då kommunestyret vedtok bompengeprosjektet i 2010 sa dåverande Askøy-ordførar Knut Hanselmann (Frp): ” Skulle vi ventet på staten ville det tatt 30- 40 år å få rustet opp veiene våre. Så lenge kan vi ikke vente.” Ved opninga sa Askøy-ordfører Siv Høgtun (H): ” Jeg er utrolig stolt over det vi har fått til. Nå er vi i gang. - På Askøy har alle, også Frp, stått sammen. Det gjør at vi er nå klar til å bygge, i motsetning til Nordhordland der alt står i stampe, sier hun med henvisning til den politiske uroen som har vært rundt bompengepakken der.”
 

Når no pakken skal på ein ny runde, vonar eg – og mange med meg – at politikarane tek lærdom av dette. Skal distriktet få til noko må kommunane stå saman. Eg håpar politikarane ser dette, og finn ei løysing som alle kan godta utan merknader. Alle kan ikkje få alt slik dei ønskjer. Her må ein arbeida saman for å oppnå den beste løysinga for Nordhordland.
 

Frå avisene kan ein få inntrykk av at det er stor motstand mot pakken. Det er det nok og. Men eg er sikker på at oppslutnaden er større. Diverre er ikkje tilhengarane så flinke til å engasjera seg.Dei som trur på rask statleg finansiering, kan prøva ein tur til Oslo. No er både samferdsleministar og finansministar frå Frp.
 

STÅ PÅ POLITIKARAR! DET TRENGS BETRE VEGAR I DISTRIKTET. HELLER IKKJE ME KAN VENTA I 30-40 ÅR!



dikt
BLEKK
Frustrasjonen vart til sinne,
og sinnet var som blekk
som kom på fingrane
og alt dei tok på.
Det rann utover heile arket,
heile bordet
og over kanten.

malin bergås hatten

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags