KrF er bondens ven

Vi er heldige som bur i rike Noreg. Allikevel ser vi at det er få land i verda som har lågare areal fulldyrka jord per person enn det vi har i Noreg.

Vi er heldige som bur i rike Noreg. Allikevel ser vi at det er få land i verda som har lågare areal fulldyrka jord per person enn det vi har i Noreg. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Vi er heldige som bur i rike Noreg. Allikevel ser vi at det er få land i verda som har lågare areal fulldyrka jord per person enn det vi har i Noreg.

DEL

Tal frå SSB viser at det blei omdisponert så mykje som 6687 daa dyrka mark i 2010. Nedbygginga av dyrka jord er eit stort problem, ikkje berre for bøndene og norsk landbruk, men også for miljøet og ved eventuelle internasjonale matkriser. KrF ynskjer difor at vi skal vidareføre og styrka jordvernet i Noreg for å sikre framtidige generasjonar sjansen til nasjonal matforsyning.

Norsk landbruk er likevel mykje meir enn jorda vi dyrker. Det dreier seg om ein stabil matproduksjon og eit levende distrikts-Noreg. For at norsk landbruk skal bestå er det difor avgjerande at næringa sikres eit inntekstgrunnlag som står i stil til andre yrkesgrupper. Det må også førast ein forutsigbar prispolitikk på våre landbruksprodukter slik at bøndene får gode driftsvilkår. Bla vil KrF fjerne formueskatten på arbeidande kapital for å unngå skatt på investeringer som skaper arbeidsplassar.

I møte med Bondelaget har KrF sin leiar og 1. kandidat i Hordaland, Knut Arild Hareide, gjort det klart at landbruket og landbrukspolitikken vår ikkje vil vere til sals.

Dette er vi sjølvsagt heilt samde i.

Landbruk byggjer på langsiktigheit, og det handler om mattryggleik. Vidare så er det viktig for reiselivet i Hordaland og landet for øvrig at vi har ei levande landbruksnæring som også sørger for at kulturlandskapet i mangfald vert halden i hevd.

Landbruket og naturen er ein av grunnpilarene våre og ei viktig primærnæring, og KrF vil både før og etter valet i september markere seg som landbruket og bondens ven.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags