Går ut mot Miljøpartiet Dei Grøne og cannabissal

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

KrF-medlem Jon Hope peikar på at Kristeleg Folkeparti arbeider for eit trygt og rusfritt oppvekstmiljø, og stiller seg kritisk til Miljøpartiet Dei Grøne i dette lesarinnlegget.

DEL

Miljøpartiet dei grøne (MDP) har i valkampen hatt eitt mantra: ”Klima og miljø”. Dette har slege godt an hjå mange.

Men partiet har snakka lite om innhaldet i denne politikken. Etter å ha lese nokre innlegg i avisene, vart eg forviten, og tok internett i bruk, for å sjå kva partiprogrammet sa.

Der fann eg mange fine og runde formuleringar. Mellom anna dette: ”En trygg oppvekst legger det avgjørende grunnlaget for et godt liv.”

Men kva er så ein trygg oppvekst og eit godt liv for MDP? For vidare las eg at bruk av forbodne rusmiddel skulle ikkje straffast, og at det skulle drivast produksjon og sal av cannabis / marihuana.

Dette kan ikkje ha noko med trygg oppvekst å gjera, når ein veit at bruk av cannabis kan utløysa psykose.

Me hugsar alle Halloween – saka i Oslo der ein 23 åring drap ein kamerat, og skada seg sjølv.

No har MDP hatt gode meiningsmålingar, mange ser ut til å vilja gje si røyst til partiet.

Etter det eg har funne i MDP sitt program, vil eg oppmoda alle til å ta standpunktet sitt opp til ny vurdering. Det er aldri for seint å snu, heiter det.

Er du ein av dei som synest godt om ein trygg oppvekst i eit rusfritt miljø, så har eg eit betre alternativ til deg: Stem KrF ! Godt val !

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags