Gå til sidens hovedinnhold

– Slutt å kaste boss i naturen!

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi er tre jenter som går på 5.trinn på Sagstad skule. Vi har hatt realfagsveke på skulen og vi har lært om plast og boss som kjem i havet og fiskar og dyr får det i seg.

LES OGSÅ: 300 000 plastposar i året berre frå ein butikk!

Nede ved Frekhaug bussterminal plukka vi boss ved ei myr, vi plukka i over ein time. Det var overraskande kor mykje boss det var der.

Nokre av oss stod utanfor ein av butikkane og talde kor mange posar folk kom ut med. Det blei 60 posar på ein time. Tenk kor mange posar det blir på ein dag, ei veke, ein månad osv.!

Les også

Alt dette fann Nikolai, Tobias og Torvald i fjøra

 

Vi fekk ein veldig god følelse av å hjelpe til. Så no håpar vi at de kan slutte å kaste boss i naturen!

Helsing Molly, Julie og Ulrikke

5.trinn på Sagstad skule

Svært mykje boss!

Heile 5.trinnet på Sagstad skule har vore og samla mykje boss ved bussterminalen på Frekhaug senter. Heile elva bak busskura var fylt med boss og plastposar. Vi streva mykje med å strekke oss bort til plastposane som helst låg midt i elva. Nokre fall endatil i elva fordi dei ville ha tak i alle posane som låg der! Det var vått og skittent, men vi gjorde vårt beste.

LES OGSÅ: Då gutane høyrde om kvalen med plastikk i magen, tok dei affære. – Eg vil ikkje at dyr skal døy

No må folk slutte å kaste ting i naturen og i staden kaste det i bosspann!

Helsing Kathrin og Benjamin

5.trinn på Sagstad skule

Les også

Har plukka 50 sekkar boss på Børilden

 

Kommentarer til denne saken