300 000 plastposar i året berre frå ein butikk!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevVi på 5. Trinn på Sagstad skule har vore nede ved bussterminalen på Frekhaug. Og vi har plukka masse boss, både i elva og vi kan seia at dei fleste av oss blei veldig våte. Men det er verdt det! Vi synest at det er alt for mykje boss og vi vil gjerne gjere noko med det. Nokre av elevane talte kor mange posar folk kjem ut med frå den eine butikken. Til saman vert det omtrent 300 000 posar kvart år frå berre ein butikk! Og det er ikkje lite i det heile tatt!

LES OGSÅ: Startar seks månader lang ryddeaksjon i strandsona

Vi håpar at folk tar hensyn til dyra og andre skapningar her på jorda og ikkje gløym kvalen som var full av plast! Det kan skje med andre dyr og fuglar også. Så plukk boss, då blir verda betre! Lykke til frå oss på 5. trinn på sagstad skule!

Helsing Tora og Tilde

5. trinn på Sagstad skule

Plastforureining

Vi hadde eit prosjekt på skulen om kor mykje vi forsøplar. Vi gjekk bak bussterminalen på Frekhaug og såg etter søppel. Det var kjempe mykje søppel der, vi fekk heilt sjokk! Rett bak parkeringsplassen ved bussterminalen er det ei elv. Vi trudde at det berre er mykje søppel i andre land, men fy så mykje det var der!

LES OGSÅ: Samla trillebårer med søppel på kun 200 meter

Vi fann også ut at det er rundt 300 000 plastposar som blir tatt ut av ein matvarebutikk i året og då blir det 600 000 berre i dei to butikkane på Frekhaug!

LES OGSÅ: – Strendene våre er fulle av narkosprøyter 

No må vi tenkje på at det er nokon som skal vekse opp på denne jorda og vi får ikkje noko ny jord om vi øydelegg denne jorda. Så ver med og gjer ein forskjell neste gong , gå kanskje dei ekstra 5-30 m for å kaste søppel, eller dersom det er for langt å gå, putt det i lomma og kast det heime!

Helsing Lasse, Oscar, Torbias og Ruben

5.klasse, Sagstad skule

Forureinings-prosjekt

Eg og heile 5.klasse har hatt eit plast- og forureiningsprosjekt på skulen. Vi har lært masse og funne ut at vi kastar mykje søppel i naturen. Faktisk blir kun 1% av det som hamnar i havet plukka opp. Det synest vi er ganske dumt og det reknar eg med at du som les dette også synest. Hugs at det er vi som skal overta denne jorda!

LES OGSÅ: No tar NGIR kontroll over strandryddinga

Vi plukka søppel nede ved bussterminalen på Frekhaug. Dei tinga vi fann mest av var handleposar, godtepapir og emballasje. Nokre elevar fann sprøyter og mange ekle ting. Det syntest eg og sikkert alle andre ikkje er greitt! Vi blei veldig våte, men vi må ofre noko for ein litt betre natur. Eg synest det er litt rart at vi barna må fikse jorda før den er vår. Synest ikkje du og? 15 tonn blir dumpa i havet kvart minutt! Bli med og gjer ein forskjell!

Selma

5. klasse, Sagstad skule

Plast og forureining i naturen

Vi i 5.klasse har hatt eit prosjekt om plast-og forureining i naturen. Det er berre 1 % som blir plukka opp igjen av det som hamnar i havet.

Dette er veldig dumt og det håpar eg du synest også. Vi plukka boss nede ved bussterminalen på Frekhaug. Vi fann mykje boss og posar i elva. Men vi ofra oss og blei våte for å redde litt av elva. Nokre elevar fann sprøyter og mange ekle ting.

LES OGSÅ: Alt dette fann Nikolai, Tobias og Torvald i fjøra

Vi er lei av at det er boss i naturen og dette vil vi setje ein stoppar for! Det er liksom vi som skal passe på jorda og vi gjer det på denne måten!

Pernille

5.klasse, Sagstad skule

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags