Eit robust politi for framtida

Sikkerheit og beredskap handlar om tryggleik og vern for innbyggjarane våre.

Sikkerheit og beredskap handlar om tryggleik og vern for innbyggjarane våre. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Sikkerheit og beredskap handlar om tryggleik og vern for innbyggjarane våre.

DEL

Her spelar politiet ei stor rolle. Politiet gjer kvar einaste dag eit stort og viktig arbeid for oss alle, eit arbeid som er svært viktig for kommunane i regionen vår.

Me er glad for at også KrF har vedteke i sitt stortingsprogram at det trengs fleire ressurser til politiet og vil auke kapasiteten, for dette heng saman med tryggleiken og beredskapen. Ei auke i stillingar og kapasitet må difor snarast på plass.

Skal politiet få auka bemanning, når ein frå sentralt hald opprettar fleire stillingar, må ein også syte for at investeringane som skal gjerast i politiet blir fullfinansiert av staten. Då kan det ikkje gjerast slik det t.d. vert gjort med naudnettet, at den summen ein får til dette er for liten til å få naudnettet på plass. Det betyr at politiet, som ikkje lenger har investeringsmidlar, må bruke driftsmidlar for å få på plass denne investeringa. I tillegg er t.d. abonnementa til desse politiradioane forbundet med store kostnadar, som ein då må ta over driftsbudsjettet.

Over det ganske land og her i Nordhordland har me høge forventningar til politiet. Dei skal løyse alt, alle oppdrag frå å innhente ei lausbikkje, etterforskning, til væpna oppdrag, førebygging og beredskap .

I eit samfunns og beredskaps øyemed, så har me og høge forventningar. Respons tida til blålys etatane vil me alle skal vere låg, og i vårt vidstrakte land så har dette ein stor kostnad. Dette har og med beredskap å gjera, og må finna si løysing.

Me delar ynskje som mange i politiet på Vestlandet har nemleg at me må få på plass eit beredskapshelikopter på Vestlandet .

Me treng eit fleksibelt helikopter til alle moglege oppdrag, som både politi, forsvar, kystverk osv. kan gjera seg nytte av.Dette er etterspurt, og vil vært eit viktig grep og reiskap langs heile kysten for samhandling, samfunns sikkerheit og beredskap .

Eit sterkt lokalpoliti, desentralisert og med ressurser til både innsats og beredskap vil difor vere avgjerande om vi skal ha eit robust politi for framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags