Då far vart arrestert

Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Eit 70 års-minne frå krigen

DEL

Sundag 12 november 1944 heldt eg på med eitkvart morosamt på tunet mellom husa og fjøsen i Dyrkolbotn. Då såg eg folk borte i Strandaleitet på veg mot garden. Eg sprang ned til far min som då var i fjøsen. No kjem jegarane sa eg. Under småviltjakta var det vanleg at vi leigde ut jakterreng til jegarar frå lenger ute i fjorden. Eg visste at nokre av dei var ventande. Far kom ut på tunet og vart ståande og mysa. Det var vel ikkje i dag dei skulle koma. Svært så mange av dei er det og. Etter kvart ana han uråd og eg vart sendt inn att i huset. Det var tyskarar som kom. Og så vart han arrestert.

LES OGSÅ: – Eg har vore veldig spent på denne dagen og har ikkje hatt blund på auga i natt

Eg såg ikkje sjølve arrestasjonen. Men eg skjøna at noko alvorleg var i ferd med å skje.

Kvardagsheltar i krigen - og andre som ikkje var det fullt så mykje

Gestapofolket romsterte i huset. Dei tok ikkje særleg notis av meg. Men mor og far måtte fylgja med dei. Eg fann det då best å gå ned i kjellaren der bestemor styrde. Ho hadde vore på veg til Romarheim, men vart stogga av tyskarane som kom motsett veg og teken med tilbake til Dyrkolbotn. Ho hadde med seg meldingar som ikkje burde koma i hendene til Gestapo. Ho vart ransaka, men greide å stikka desse meldingane bak veska si på eitkvart slags vis. Dermed berga ho informasjon som kunne vore viktig for nazistane. Dei trudde nok at ei så gamal dame ikkje kunne gjera stort til eller frå.

Dei tok feil.

Heimattkomen fekk ho også vera åleine i kjellaren ei stund medan tyskarane romsterte i huset. Ho greide då å stikka unna mykje av det ho trudde kunne vera farleg for far. Eg hugsar at ho for avgarde med ei av haglene hans og grov ho ned i potetbingen. Truleg hadde ho alt grave ned andre ting som ho meinte kunne vera farleg å ha.

Etter ei stund kom tyskarane med far min og 4 såkalla arbeidstenesteflyktningar som også vart arresterte ned att i kjellaren. Gestapooffiseren ville ha greie på korleis ei klase med ryper som var hengt opp på ein bjelke i taket var tekne. Med snare, sa far. Nein, nein sa ein av arbeidstenesteungdomane.

LES OGSÅ: «Når eg reiser herifrå skal dei også få medaljane mine»

Geschiessen, geschossen, sa han og brekka fjørene til sides slik at ein kunne sjå kvar hagla var gått inn. Ikkje mykje til heltemot! Bestemor måtte ut att med den eine hagla til gestapofolka. Men eg kan ikkje hugsa at dei brydde seg noko større. Dei skjøna godt at på ein gard som dette der jakt og fiske var ein del av livsgrunnlaget måtte våpen av dette slaget reknast som ein del av utstyret på garden.

Tortur

Far vart torturert fleire gonger, også på gestapohuset i Veiten i Bergen. Den fyrste gongen var i Strandahytta godt og vel ein halv kilometer frå garden.

I straffesaka og dommen mot torturistane vert fortalt om kva som skjedde:

«Han ble arrestert på Dyrkolbotn i Osterfjorden 12. november 1944 som følge av at tyskerne fikk vite at han skulde skjule folk som var i dekning. Samtidig med ham ble 4 hos han værende flyktninger arrestert. I arrestasjonen deltok Kesting og Hjelmberg. Han ble mishandlet allerede i sitt hus idet han fikk et slag og Kesting trådte han på tærne. Deretter ble han ført til en tom hytte noe undav etter ordre fra lederen av rassiaen. Weimann. Her fikk han mens han lå over en seng et slag. Så fikk han håndjern på, ble bøyd sammen og låst fast i sammenbøyd stilling ved hjelp av en stokk som ble satt inn over armene og under knærne. I denne stilling ble han slått med en stokk som etter O,s oppfatning kunne være et bordben. Kesting slo mest, men også Hjelmberg slo og etter tilsigelse fra Kesting. Hjelmberg slo heller ikke så hårdt som Kesting. Mens Kesting slo holdt Hjelmberg en pute over O,s hode. Hjelmberg løftet puten nu og da og slo O i ansiktet med åpen hånd. O ble etter sine antakelser slått mesteparten av 3/4 av 1 time og over korsryggen og setepartiet. Det ble lagt kraft i slagene. Han ble truet med å bli skutt hvis han ikke ga opplysninger, men lovet å bli fri hvis han snakket. Kesting ønsket opplysninger om flyktningeorganisasjoner og om forlegninger i fjellet.»

Både Willie Kesting og Nils Hjelmberg vart dømde til dauden og avretta i 1946.

Far vart arrestert som del av ein større aksjon som Gestapo sette i verk mot motstandsfolk i Nordhordland. Det hadde vore fleire slike aksjonar.- Dette var den mest omfattande. Også andre vart utsette for særs hard tortur. Særleg Sigfred Askeland og Birger Myhr vart ille medfarne Det var Kesting og Hjelmberg som stod for dette også og dessutan ein annan torturist, Johan Arndt. Kesting var også hovudansvarleg for at Lars Nottveit noko tidlegare vart torturert til daude.

LES OGSÅ: Heidra krigshelten

Kesting var ekspert på området. Hjelmberg var som læregut å rekna under denne meisteren. Begge vart skotne

Handverkarane

Hausten 1945 var eg med far og henta jegarar som skulle på haustjakt i Dyrkolbotn. Dei ville innom hytta der torturen var gjennomført. Eg skjøna på far at dette lika han ille. Men han gav seg. Bordbeinet som var brukt til å slå med stod i ein krok. Det var lyst blått med ei trekvit renne som viste korleis det var brote laust frå bordet. Sadistar dei som gjennomførde torturen, sa ein av jegarane. Nei, sa far min. Dei var handverkarar. Med det meinte han nok å seia at einkvar av oss ville eller kunne ha gjort det same om normar og verdiar i det samfunnet vi levde i skulle tilseia at slikt var rett og moralsk høgverdig for å verna om fedrelandet. Ein tredje torturist, som også var dømt til dauden, kjend frå fangeleiren på Espeland, gjekk til rettarstaden med lyfta hovud. Han var like til det siste stolt av at han hadde gjort det das Vaterland hadde forventa av han.

Ernst Weimann og Johan Arndt.

Den Weimann som dommen i far min si sak fortel gav ordre om torturen heitte Ernst til førenamn. Han var sjef for Sicherheitsdienst, dvs den tyske tryggingstenesta på Vestlandet. Om eg har forstått det tyske gradssytemet rett hadde han militær grad tilsvarande oberst. Gestapo var ein underavdeling av denne tryggingstenesta. Ein kan undrast, kva hadde ein så høgtståande offiser i Dyrkolbotn å gjera. Venteleg var grunnen at Bjørn West ein knapp månad tidlegare hadde slått seg til i fjella berre nokre timars gange frå Dyrkolbotn. Weimann hadde vel sine mistankar og trudde vel far min kunne fortelja meir om dette. Far visste om at det var komen engelskmenn i fjellet, men hadde sjølv ingen ting med Bjørn West å gjera. Derimot var han nokså aktiv i anna motstandsarbeid, på denne tida i nært samarbeid med det såkalla fridomsrådet med hovudsete på Hjelmås.

Johan Arndt var sjef for Gestapo og dermed underordna Weimann. Dei var begge topp ekspertar på området. Begge vart dømde til dauden men seinare benåda. Det er bilete av dei på veggen i fosvarsmuseet i Bergen og på Bjørn Westmuseet. Der går det fram at dei vart benåda. Det skjedde under Oscar Torp regjeringa i 1953. Men vi får ikkje vita kvar det vart av dei. Nokon hadde bruk for ekspertisen deira. Weimamn vart agent for den amerikanske tryggingstenesta CIA og Arndt for den vesttyske tryggingstenesta Bundesnachrichtendienst.

Tilhøvet til norske agentar

To av offiserane i Bjørn West, eller med tilknyting til Bjørn West, fekk tilsvarande oppgåver i den norske militære etterretningstenesta. Det var Adolf Harbitz Rasmussen og Alv Martens Meyer. Alle fire arbeidde for NATO. Dei vart såleis kollegar i arbeidet for å halda styr på det som vart sagt å vera den store faren på den tida, kommunistane, eller kan henda på strilar om dei slo seg altfor rebelske.

Kva med strilane?

Strilane i dei sivile motstandsgruppene her reagerte kvasst på udemokratiske ordningar som heimefrontleiinga ville innføra i Noreg då landet skulle byggjast opp att etter krigen. Denne reaksjonen - som strilane burde vera stolte av - er nok grunnen til at motstandsarbeidet i Nordhordland mykje godt er viska ut or soga. Det er på tide å sjå nærare på kva som eigenleg hendte i 1944 og åra etter. Weimann og Arndt sine roller kan syna seg å vera viktige her.

LES OGSÅ: Heidra 70 år for seint

Kan det verkeleg vera slik at norske styresmakter såg seg tente med å nytta mordarar som Weimann og Arndt til å hjelpa til med å byggja opp att samfunnet og tilhøvet til verda utafor Noreg etter krigen?

Det er også slik at i desse dagar vert soga om kommunistane sitt sabotasjearbeid og tilhøvet til Milorg og Bjørn West skriven. Dei som gjorde ein vesentleg del av motstandsarbeidet på våre kantar, særleg strilane sitt arbeid i denne samanhengen, vil knapt nok bli nemnd. Nokon bør gjera noko med dette, Lindås sogelag til dømes. Og dette er ikkje ei gamal soge som berre gamlingar kan ha interesse av. Dette har vesentleg interesse for å forstå det samfunnet vi har i dag og kva som har ført til at det er blitt slik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags