200 år, og like blid

Artikkelen er over 7 år gammel

Helge Martin Markussen angrar på at han nytta bokmål i oppveksten.

DEL

Eg skulle vore lækjar, eller kanskje fotballspelar? Eller kva med forskar på eit stort universitet? Men fyrst og fremst skulle eg vore nynorskbrukar. Imidlertid er eg nok ingen av dei tinga. Ei av grunnane er at eg er vaksen opp i Knarvik, med foreldre som begge nyttar bokmål. Den andre grunnen er at eg hadde bokmål som hovudmål på skulen. Det kan eg angra på no. For som nynorskbrukar i media, som er den jobben eg faktisk har, vert ein meir markant kjenner eg.

Sjå berre til Kari Sørbø, Heidi Fagna, Morten Sandøy, og ikkje minst min ven Kjetil Iden.

Det kan nokon gonger verka som det er lettare å få jobb i NRK dersom ein er målmann. Fleire gonger har eg sett annonser der målfolk vert oppfordra til å søkje. Ja og ikkje minst om du er kvinne. Med ei klingande dialekt frå kvinnemunn ligg vegen open for deg skulle ein tru.

LES OGSÅ: Ville du lika å kyssa utan di eiga tunge?

Hadde du partiboka i orden, var nynorskbrukar og mann, så kunne du jamvel enda opp som sjef for heile NRK. Men nok om det

Nynorsken har også ein heil rekke ord som eg tykkjer blir vakrare på nynorsk: kjærleik, fagnad, omhug og ikkje minst oreigning.

Som utflytt stril til Sørlandet er nynorsken min vorten dårlegare og dårlegare. Så om du finn mange skrivefeil i dette innlegget så orsakar eg det. Jaudå, visst har me nynorsk her i sør og. Men helst i dei indre bygder som til dømes Valle. Språket på den kanten er uansett uforståeleg, så der kjører eg sjeldan innom. Prøv å tyde Åsmund Åmli Band, så veit du kva eg meiner.

LES OGSÅ: Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret

Her nede blir eg omtala som Bergensar. Det er ikkje noko gale i det akkurat, men det er jo ikkje det eg er. Eg er stril! Og er makalaust stolt av det. Imidlertid er det å forklara ein sørlending kva ein stril er, litt som å fylla ein sil med vatn. Håpløst. Derfor vert det lengre og lengre mellom kvar gong at eg seier noko om det.

Dialekta mi er blitt ein salig blanding av hummer og kanari. Bergensk, litt nynorsk og noko sørlandsk etter 8 år i Kristiansand.

Men denne veka kunne eg lesa, at min ”orginale” dialekt faktisk har eit navn. Claus Sellevoll omtala den som ”Knarviks”. Takk Claus, du har satt navn på noko eg har lurt på i mange år.

LES OGSÅ: Det brenner et blått lys for nynorsk i Midt- og Nordhordland

I mai i år blei Ingebjørg Harman Bratland frå Vinje kåra til Årets mest sexy nynorskbrukar. Artikkelen som Telemarksavisa skreiv om dette var ironisk nok skrevet på bokmål. Sjølv i den konkurransen er eg altså diskvalifisert, fordi eg ikkje er nynorskbrukar. Det er sikkert andre orsaker også, men likevel. Så kan eg angre på det no, men det er min eigen feil, og kanskje litt mine foreldre. Gratulerar med 200 års jubileet alle nynorskbrukarar. Og send ein tanke til mine tidlegare sidemålslærarar, som har rive seg i håret når dei hadde meg på skulen.

Vyrdsam helsing

Helge Martin Markussen

Kristiansand

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags