Lensmannskontoret får mange telefonar om korona

Førre veke måtte politiet stenge dørene for publikum. Det vil likevel vere mogleg å nå politiet over telefon.

DEL

Tysdag seier politibetjent Roland Nyhammer Tvedt ved Nordhordland lensmannskontor at dei har hatt større pågang på telefonen enn normalt.

– Folk lurar på om dei kan gå på hytta, kor dei skal opphalde seg og andre ting. Det er forståeleg nok eit stort fokus på korona for tida, seier han.

På spørsmål om det er korrekt å henvende seg til politiet for slike spørsmål, seier han at folk må ringe der dei kan, så kan dei bli guida vidare.

– Det er viktig å forholde seg til det som blir sagt på offentlege nyheiter.

Vidare vil Nyhammer Tvedt oppmode om å unngå festing i denne perioden.

– Vi kan stoppe festen og gi bot om det oppstår noko. Vi må bryte opp om det er mykje folk på ein stad, seier han.

Artikkeltags