Lensmannen med appell til ungdommen: – Sikkert noko eg ville gjort på deira alder

Lensmann Kjell-Idar Vangberg håpar ungdommen kan sei ifrå innad om kva som er greit og ikkje.

Lensmann Kjell-Idar Vangberg håpar ungdommen kan sei ifrå innad om kva som er greit og ikkje. Foto:

Etter fleire meldingar om samlingar av bilar fleire stader i distriktet, valte lensmannen å skrive melding til ungdommen på Facebook.

DEL

– Kjære ungdom. I denne perioden der de ikkje kan samlast til festar og andre tilstellingar, har de sjølvsagt behov for å møtast, skriv lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell-Idar Vangberg.

På påskeaftan delte lensmannen ei melding på Facebook der han kjem med ein appell til ungdommen.

– Mange av de samlast i bilar, og møter andre ungdom på denne måten. Dette er sikkert noko eg også ville gjort viss eg var på deira alder, skriv han.

– Ofte nokon som skal tøffe seg

Vidare skriv lensmannen at når ungdommen møtes slik, er det for å ha det kjekt saman.

– Det er dessverre slik at der mange samlast, er det ofte nokon som skal tøffe seg og derfor gjer dumme ting.

Han held fram:

– Det er dykk ungdommar som kan sei til desse kva som er akseptert i flokken som samlast. Det er verdiane til fleirtalet av dykk vi skal bygge vidare på i åra som kjem.

Tre punkt til ungdommen

Lensmannen kjem så med tre punkt ein bør passe på:

– Hald avstand så de ikkje smittar kvarandre.

– Ikkje opphald dykk på stadar der eldre, barn og sjuke skal ha ro for å sove.

– Køyr forsiktig slik at alle kjem heim i god behald.

Lensmannen avsluttar så meldinga si med følgande beskjed:

– Ungdom, ha ein fin kveld. Helsing politiet.

Artikkeltags