Gå til sidens hovedinnhold

Lensmannen: – Den offentlege leiteaksjonen er avslutta

Onsdag opplyser lensmann Kjell-Idar Vangberg at dei ikkje vil halde fram med offentlege søk etter Nicolai Øvrås Espetvedt.

Heilt sidan vasscooterulykka i Salhusfjorden 16. april har både naudetatar og frivillige vore ute og leita etter sakna Nicolai Øvrås Espetvedt (24).

I helga arrangerte politiet organisert søk der frivillige fekk tildelt søkeområde. 15 frivillige båtar deltok på fredag, og 21 båtar på laurdag, i tillegg til miniubåt (ROV) og Røde Kors sine to båtar.

Søndag avslutta politiet det organiserte søket utan funn. Innsatsleiar Kurt Inge Hordvik sa til avisa at dei ville vurdere om det offentlege søket skulle halde fram.

Onsdag denne veka melder lensmann Vangberg at dei har bestemt å avslutte offentlege søk der naudetatane og ROV er involvert.

Vurderer å bistå frivillige

– Det vil bli tatt ei vurdering på om vi skal bistå med organisering av frivillige til helga, seier Vangberg til avisa.

Han fortel at dei har tett kontakt med dei pårørande.

– Vi har ein dialog om vi skal bistå familien, dele ut leiteteige til dei som søker, og informere om kva område som bør prioriterast. Men vi kjem ikkje til å ha fleire organiserte søk slik som førre helg.

Frivillige søker vidare

Sissel Monsen i Nordhordland Røde Kors seier at dei frivillige har planlagd søk i alle fall fram til søndag.

– Røde Kors blir å stå på kaien så lenge dei frivillige leitar, seier ho.

Ho utelukkar ikkje at det frivillige søket kan halde på utover neste veke også.

Les også

Meir enn tjue båtar er på fjorden for å leite etter Nicolai (24)

Les også

Familien gir ikkje opp søket etter Nicolai (24)

Les også

Ordføraren: – Ein vanskeleg situasjon for alle

Les også

Malin søker etter den sakna bror sin: – Det viktigaste for oss er at han blir funne, uansett

Kommentarer til denne saken