I 18-tida tysdag kveld vart ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg på fylkesveg 57 innstilt. Reiarlaget Fjord 1 meldte om tekniske problem, og at ingen kunne kryssa Fensfjorden den kvelden.

Så vart det planlagt oppstart klokka 10:15. Dette vart usett til 14:15. Under ein halvtime før ferja skulle gå, kjem det melding om utsetting ein tredje gong. Denne gongen til klokka 16:15.

Ein time før, klokka 15:15 la ferja frå kai i Leirvågen.

Plan B rauk

– Me har hatt maks uflaks, det manglar ikkje på at me har prøvd å få til noko betre. Alle mann stod på i går, og mange måtte avslutta 17. mai-feiringa si, seier Bjørn Barstad, operativ leiar i Fjord 1.

Vanlegvis er det MF «Storfjord» som trafikkerer sambandet. Men ferja er på planlagd verkstadopphald på verftet Westcon Yards i Florø. Mellom anna er det thrustere som skal overhalast.

– Dette er store jobbar som må gjerast. Me håpar ho er attende til laurdag morgon, opplyser Barstad.

Dei siste veka er det difor MF «Sulafjord», den gamle ferja frå sambandet Knarvik-Steinestø som har vore reserveferje. På kvelden på nasjonaldagen fekk ferja motorhavari.

Komplisert sleping

Fjord 1 rekvirerte reserveferja MF «Sogn» frå Sunde ved Hardangerfjorden. Det er ei lang seglingstid nordover. Ferja kom fram i firetida onsdag morgon.

– Mannskapen hadde jobba maks lovlege timar for å få båten nordover. Dei måtte ha kviletid, seier Barstad.

Planen var at Sulafjord skulle komma seg raskt til kaien på Steinestø, og at det skulle settast saman nok mannskap til å starta 10:15 onsdag. Slik gjekk det ikkje.

– Slepet var meir komplisert enn som så. Dei har måtte gå ei anna rute enn den raskaste vegen, for å ha mest mogleg ope farvatn og vareta sikkerheita til den store ferja som slepast.

I 11-tida er «Sulafjord» i Byfjorden, utanfor Eidsvågneset. Med ein gong ferja er fortøydd på Steinestø, vert mannskapen som har kvilt om bord sendt ut att til Fensfjorden. Planlagt oppstart vart 16:15 frå Leirvåg.

Barstad forklarar at slepebåten som skulle få ferja inn til Steinestø sleit med å få lagt til kai, slik at mannskapen ikkje kom seg på land.

– Det er tragisk at me fekk ei ny forseinking, seier han til NH i 15-tida onsdag.

Dei tilsette som jobbar på «Sulafjord» kunne ikkje venta lenger, dei fekk ein mobbåt på sjøen, og heiv seg i ein drosje nordover. Klokka 15:15 byrja «Sogn» endeleg å trafikkera Fensfjorden.

– Brukt opp alt mannskap

To reserveferjer har vore ute på sambandet og hovudferja er på verkstad. Alle desse har mannskap om bord. Den operative leiaren seier Fjord 1 har tømt heile Hordaland for reservemannskap. Barstad skulle gjerne sett at ferjestrekninga ikkje var ute av drift så lenge.

– Me har prøvd alt me kan, men denne gongen fekk me ikkje til betre. Mannskap på fri som me hadde kontakt med i går, sat med festbordet og hadde gjerne fått i seg litt champagne og då var dei ikkje tilgjengeleg for jobb. Det er veldig beklageleg. Dette er eit viktig samband i infrastrukturen.