(BA): Måndag vart lærarstreiken trappa opp ved fleire skular i Bergen. Neste måndag er det varsla ytterlegare opptrapping.

Til saman er 188 lærare i Bergen i streik frå 22. august.

Måndag kveld vart det gjennomført streikemarkeringar fleire plassar i landet. På Festplassen hadde over tusen personar møtt opp for å visa støtte til dei som streikar.

– Råkar elevane

Marit Fosse, Ruth Solheim, leiar i Utdanningsforbundet i Gulen, Mona Midtun, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Gulen, Henny Instefjord og Ida Lillejord reiste direkte frå jobb for å støtta dei streikande i Bergen.

Dei hadde leigd buss og rekna med å vera heime rundt midnatt.

– Me ønskte å vise vår støtte til saka. Me er ikkje tatt ut i streik enno, men er klare dersom det må til. Lærarane har hatt ei dårleg lønsutvikling, og då vert det vanskeleg å rekruttera til læraryrket, seier Midtun, som er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Gulen.

Lærarane fortel om ledige lærarstillinger i Gulen uten søkarar, noko dei meiner illustrerer situasjonen. Dei opplever at det er særleg vanskeleg å rekruttera utanfor dei store byane.

– Då vel ein løysingar med ufaglærde, og det råkar både elevane og oss lærarar.

Mandag trappes streiken opp: – Vi møter ingen forståelse

– Politikarane må ta grep

Lærarar og fagforeiningsleiarar heldt appeller under markeringa, og det var òg musikalske innslag i godvêret.

– Bodskapen vår er at politikarane må ta grep, for KS (Kommunesektorens interesseorganisasjon) unndrar seg ansvaret. Politikarane vil ha kvalitetsskule med superlærarar. Men ønskejr dei lærarar med femårig masterutdanning, må dei òg betala, sier Bente Myrtveit, leiar for Utdanningsforbundet i Bergen.

Opptrappinga av streiken har til no gått uvanleg sakte. Ingen av skulane i Nordhordland og Gulen har til no vorte råka av streikeuttaka.

– Det er av omsyn til elevAne, og fordi me er førebudde på å måtta streika lenge, fortel Myrtveit.

Det har ikkje vore kommunikasjon mellom Utdanningsforbundet og KS sidan streiken braut ut før sommarferien.

– Eg er veldig nøgd med frammøtet her. Det viser at me har mange i ryggen, og me har òg mange me kan ta ut i streik. Men me ønskjer ikkje å råka elevane, derfor håpar me at KS kjem på bana.