Gå til sidens hovedinnhold

Leif og gjengen sørger for at fisken er perfekt før han kjem på matfatet

Artikkelen er over 1 år gammel

Etter at bergensrestauranten «Bare» vant den berømte Michelin-stjerna, har fleire fått opp auga for fiskemottaket i Bøvågen.

For abonnentar

– Det er ein fantastisk fin og samansveisa gjeng som jobbar her.

Dagleg leiar hos Nordhordland Fisk AS, Leif Bognøy, snakkar varmt om sine tilsette.

Sjølv om dei berre er rundt ti som jobbar på fiskemottaket, er dei effektive og leverer ikkje råvara vidare før den er perfekt.

Det grundige handarbeidet har gjort Nordhordland Fisk attraktive for fleire, mellom anna den ferske Michelin-restauranten «Bare».

– Her gjer vi alt arbeidet for hand. Eg selde den siste maskina eg hadde, så no kan vi prate og høyre på radio medan vi jobbar, seier Bognøy.

Eit tett samarbeid

Bognøy har vore dagleg leiar i drifta heilt sidan oppstarten i 1999. Dei har haldt til i Bøvågen i 12 år.

– I starten var vi berre nokre få her, og alle jobba på dugnad.

I 2014 låg salsinntektene til Nordhordland Fisk AS på 9 millionar kroner. I 2018 hadde dei auka til 27 millionar kroner.

– Det har vi klart gjennom hardt arbeid, seier den daglege leiaren.

Han er rask med å kreditere fiskarane som leverer råvarene til fiskemottaket.

– Vi tek i mot mykje fisk frå små fiskebåtar. Det er rundt 40 fiskarar som vi har eit godt samarbeid med.

Han forklarar at arbeidet som blir gjort av fiskarane før fisken kjem til mottaket, er heilt avgjerande for om produktet blir bra nok.

– Vi produserer rundt ti tonn med is kvar dag, og mykje av det blir brukt av fiskarane om bord på fiskebåtane. Det er veldig viktig at fisken blir kjølt ned fort.

Viktig å bruke heile fisken

Kvar veke er det store mengder sei som forlèt mottaket til Nordhordland Fisk.

– Seien er veldig populær hos kundane våre. Den er full i smak. Eg synest det er bra at mange kokkar vil bruke tradisjonelle fiskar, seier Bognøy.

Han skryter blant anna av Michelin-restauranten «Bare».

– Dei er enormt dyktige på sjømat i Bergen. Vi har levert til «Bare» heilt sidan dei byrja, og det er imponerande det dei har klart å få til.

Elles tek Nordhordland Fisk i mot alt av fisk som blir håva inn. Med eitt unntak:

– Havmus, det vil vi ikkje ha noko av. Den har så doven og løyen ettersmak, seier Bognøy.

Han melder om lite fisk den siste tida grunna det dårlege vêret, men seier at det heldigvis kjem til å ta seg opp framover.

For den daglege leiaren er det viktig at heile fisken blir brukt, til og med beina. Han vil helst ikkje ha noko svinn i det heile.

– Mange av kundane våre vil også ha med avfallet, som bein og fiskehovud. Det fungerer bra til kraft.

– Ein fordel å vere fiskar

Inne på fiskemottaket er alle lært opp til å gjere alt.

– Det varierer frå dag til dag kven som gjer dei ulike oppgåvene.

På dei mest travle dagane, spring dei tilsette om kvarandre.

– Særleg på fredagar kan det bli frykteleg travelt, då kjem alle og skal hente varene, seier Bognøy.

Han er sjølv fiskar, og ser på det som ein stor fordel.

– Då veit eg kva som er god nok fisk og ikkje.

For tida framover har han eitt mål med drifta:

– Vi skal ikkje bli noko dårlege. Heller det motsette.

Les også

Bergen har fått sin første restaurant med Michelin-stjerne: Sjømaten frå Leif i Bøvågen er ei av dei viktigaste råvarene

Kommentarer til denne saken