Bygdefolket på Leiknes må vente på Alver kommune

Storstova på Leiknes.

Storstova på Leiknes. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Siste ord om skjenking i Storstova er neppe sagt. Som vi veit er det berre få år til Lindås går inn i nye Alver kommune.

DEL

LeiarTorsdag vart saka som har utløyst mykje og langvarig debatt, avgjort i kommunestyret til Lindås: Det blir ikkje anledning til å skjenke alkohol i den nye fleirbrukshallen på Leiknes, populært kalla Storstova. Det vedtok fleirtalet med knappast mogleg margin (16 mot 15 stemmer), då ein ny alkoholpolitisk plan vart vedteken. At dette har vore ei svært kinkig sak for dei folkevalde i Lindås kom tydeleg fram i kommunestyret. Om lag tre timar brukte politikarane på å debattere om det skulle vere lov med skjenking i Storstova. Den alkoholpolitiske planen kom heilt i skyggen.

Det er fordi denne saka er heilt spesiell. Bygdefolket har samla inn heile 1,7 millionar kroner for å reise fleirbrukshallen. Pengane var ein føresetnad for at hallen kunne reisast. Men på det tidspunktet hallen vart vedtatt, var ikkje bruken og alkohol særleg diskutert. Mange av dei som har stått på og jobba dugnad har imidlertid tatt for gitt at hallen skulle ha samme praksisk som Nordhordlandshallen og Lindåshallen, der det blir opna for skjenking ved spesielle arrangement og i lukka lag.

Problemet, ifølge fleirtalet av Lindås-politikarane, er at den nye fleirbrukshallen på Leiknes er knytt tett opp mot skulen. Og sjølv om vi har skrive at opplæringslova opnar for alkoholservering i slike bygg dersom ein faktisk ønsker det, har fleirtalet blant Lindås-politikarane vegra seg. Først blei det nei i formannskapet, og avslaget vart altså oppretthalde i møtet torsdag.

I dagens avis trykker vi eit debattinnlegg frå Cato Lyngøy og Kristin Tuven, som tidlegare har vore sentrale i Bygdelaget. Innlegget vart sendt til avisa før det endelege vedtaket torsdag, men dei er nok ikkje mindre misfornøgde no. Duoen avsluttar innlegget med at politikarane «viser bygda liten tillit». Det er sterke ord og viser kor overkøyrde dei føler seg.

Det er lett å forstå frustrasjonen, og vi har tidlegare på leiarplass tatt til orde for at Lindås-politikarane burde lytte og gjere om på vedtaket. Det skjedde altså ikkje. Men siste ord er neppe sagt. Som vi veit er det berre få år til Lindås går inn i nye Alver kommune. Då får ein eit nytt kommunestyre og kanskje andre politiske konstellasjonar enn dei vi har i dag. Det var berre ei stemme som vippa fleirtalet over til nei. Korleis dette vil bli dersom saka kjem opp på eit seinare tidspunkt i samband med alkoholpolitikken i nye Alver kommune, er eit heilt ope spørsmål. Det som er eit faktum, er at bygdefolket, som er brukarar av hallen, no må smøre seg med tolmod. Alkohol i Storstova er forbode.

Artikkeltags